Rundt klokka 18 laurdag kveld fekk Vestlandsnytt ein telefon frå ein forbausa Ragnvald Vågsholm. Mannen som er busett på Vågsholmen stod nemleg på verandaen og var vitne til eit sjeldan syn like ute på fjorden.

– Eg trudde ikkje mine eigne auge. Fyrst trudde eg det var ei nise, men då eg såg i kikkerten vart eg heilt sjokkert, sa Vågsholm, i ein telefonsamtale med Vestlandsnytt.

Til hans store forbausing var det nemleg eit vesen med store kvite hoggtenner som dykka opp og ned ute på fjorden, ein kvalross.

– Svært uvanleg

Jan Einarsen, havdyrekspert, seier til Vestlandsnytt at dette er langt ifrå normalt.

– Det er svært uvanleg å sjå kvalrossar her i området, men vi har hatt tilfelle så langt sør som Sverige, forklarar Einarsen.

Han fortel at det framleis er uvisst kvifor kvalrossar trekker sørover. Det er heller ikkje mykje mat å finne her for kvalrossen, fortel han. Kvalrossen et for det meste skjel.

Bad i veg, men …

–Det er store dyr og dei er flotte fotoobjekt, men dette betyr ikkje at ein skal kome for nær dei. Dei kan vere skumle om ein kjem for nær og dei kjenner seg trua, så ein bør halde god avstand. Dei er raskare enn ein trur, fortel Einarsen.

Likevel skal ein ikkje styre unna sommarbadinga, forsikrar Einarsen, og legg til:

– Med mindre du ser ut som eit blåskjel så skal det gå fint å bade.

– Men som sagt, ein skal vise respekt for so store dyr og halde avstand.