Sjølv om vêret streta imot dei fyrste dagane, blei det ein flott Sommarfest i havgapet, konkluderer ein nøgd festivalsjef.

– Eg vil rose alle som har stått på og gjort ein enorm innsats med bæring og frivillig arbeid og ikkje minst publikum som møtte opp, kjøpte billettar og gjorde jobben sin. Vi er veldig fornøgde. Det vil eg seie, fortel Karl Petter Sortehaug, etter ein fullført Sommarfest i Fosnavåg.

Tøft økonomisk

Karl Petter Sortehaug fortel at det likevel har vore ein tøff festival økonomisk sett sidan halvparten blåste vekk, bokstaveleg talt. Festivalleiinga måtte nemleg flytte fleire konsertar inn i konserthuset då ein storm truga sikkerheita for publikum og artistar. Dette medførte også ein del ekstra kostnader for festivalen.

– Fakturaen blåste dessverre ikkje vekk med stormen, den kom likevel, smiler Sortehaug med glimt i auget.

Karl Petter har trua på at det ville vore endå betre om det ikkje var for det dårlege vêret, og innrømmer at utearrangementet på kveldstid på fredag vart eit tapsprosjekt.

– Men det ser ut til at vi går i mål, seier ein letta Sortehaug.

Sjølv om ikkje fredagen blei like innbringande var det framleis ein suksess i form av kven som kom.

– Eg synst det er gledeleg å sjå at mykje eldre folk tok turen på kveldstid. Utifrå det eg kunne sjå kosa dei seg også.

Sortehaug peikar på at dette er ein manifestasjon på at dei har lukkast med å tilby noko for alle aldrar og fleire målgrupper. Dette meiner han også er ein av dei viktigaste styrkene til arrangementet.

– Men det er kanskje på tide med litt frisk pust inn i festivalkomiteen, for dette er fjerde året eg bookar Stage Dolls, men vi måtte no stoppe billettsalet, flirer Sortehaug.

Ei særskild takk til ungdommen

Festivalsjefen vil spesielt rette ei stor takk til engasjementet som ungdommen har hatt.

– Dei har stått på dag og natt. Utan ungdommane som jobbar med festivalen hadde vi aldri kome i mål. Det er fantastisk kjekt å ha fått med so mykje ungdom i komiteen, seier Karl Petter.

Siste gong for ante gong

Det blir nok sagt kvart år at dette er siste gong, og det seier Karl Petter Sortehaug også i år. Men, seier han …

– Når januar kjem brukar vi å seie til oss sjølve at vi må no ha festival igjen, så at det held fram, skal de ikkje sjå vekk ifrå, avsluttar Sortehaug.