Det var Ragnvald Vågsholm som tipsa Vestlandsnytt om den litt uvanlege gjesten. Han observerte kvalrossen frå sin veranda på Vågsholmen og fortel at han var heilt sjokkert over det han såg.

- Eg trudde ikkje mine eigne auge. Fyrst trudde eg det var ei nise, men då eg såg i kikerten vart eg heilt sjokkert, sa Vågsholm, i ein telefonsamtale med Vestlandsnytt.

Vi har også fått vite at fleire har sett kvalrossen. Vestlandsnytt kom seg ut på fjorden i tide for å få knipsa bileta de ser over. Etter å ha sirkla kring dyret ei stund kom kvalrossen nærare og nærare. Kanskje var denne krabaten nysgjerrig på Sommarfesten i Fosnavåg, kanskje ein til og med kan driste seg å kalle det for ein festival(ross).