Hjørnetomta mellom Eggesbøvegen og Grønhaugvegen er lagt ut for sal. No spør Jens Terje Johnsen om ikkje kommunen bør vurdere å gjere eit strategisk grunnkjøp med tanke på å sikre areal til vidareutvikling av helse- og omsorgsområdet på Eggesbønes. Spørsmålet blir stilt ordføraren til kommunestyremøtet komande tysdag, på vegner av helse- og omsorgskomiteen, som er inne i ein prosess med å utvikle den nye kommunedelplanen for helse og omsorg.