– Vi trur dette vil fungere bra for pasientane våre, seier adm. dir. Stig Slørdal i Helse Midt-Norge RHF.

Medan Herøy Taxi skal dekke Søre Sunnmøre, er det Nord-Vest Taxi som skal ta seg av resten av fylket. Avtalen med dei to taxi-selskapa blei underskriven denne veka. Avtalen skal gjelde i to år, med mulegheit til fornying i to år til.

Avgjerande for distrikta

– Pasienttransporten har mykje å seie for drosjebransjen, og er avgjerande for at det skal vere eit drosjetilbod i distrikta.

Det seier leiarane for dei to taxi-selskapa som skal overta pasienttransporten frå 1. august. Steinar Nilsen (Nordvest) og Per Morten Bjørlykke (Herøy) er glade for at avtalen er komen i hamn etter eit år med arbeid. Bjørlykke har også vore med i prosjektgruppa som har utforma tilbodet.

I avtalen er det lagt opp til eit heilt nytt takstsystem.

– Korleis det vil fungere i praksis veit vi ikkje før vi har teke det i bruk, seier dei to.