– Dette er ein flott tradisjon, og vi håper at folk vil ta turen frå fjern og nært. Dette blir ei konsertoppleving utanom det vanlege, og det heile blir gjennomført på ordentleg Sandsøy-vis, med servering i våpenhuset med Dollsøy husmorlag før og etter konserten.

Det skriv kantor Ines Vatne i ein e-post til Vestlandsnytt.

I den har ho også lagt ved eit presseskriv med intervju av Beate Lech og informasjon om den nært komande konserten:

– Når eg skaper musikk er det som om eg går inn i eit rom. Kvar song er eit nytt rom. Eg opnar nye dører, lenger og lenger innover i livet. Eg fortel kanskje om meg sjølv. Men eg håpar du kjenner at det er di historie. At det er deg eg fortel om. Då blir det laga ei bru, og eg kan nå deg med musikken min. Som om eg syng om deg. Det vil eg. Nå deg og syne deg det som er ditt.

Beate S. Lech smiler, litt spørjande, som om ho tenkjer: Forstår du? Skjønar du kva eg prøver å seie? Eg forstår når eg lyttar til låtane hennar. For det er akkurat slik det kjennest, som om ho når meg og ser meg, med musikken sin.

Å sjå Beate S. Lech på scena er som å sjå musikk. Musikken finst i kvar nerve i henne, mange meiner ho er vår aller fremste kvinnelege vokalist, slik som kollega Simone Larsen i D’sound, ein gong sa det: – Beklagar til dokke andre, ho Beate er best!

21. juni gjer artisten ein eksklusiv konsert saman med David Wallumrød. Også han er rekna for å vere mellom våre aller fremste musikarar, ein trollmann på tangentar. For artistar som Odd Nordstoga, Bjørn Eidsvåg, Jonas Alaska og Jarle Bernhoft er han eit førsteval.

Beate har sidan tidleg på 2000-talet vore kjend som artisten, Beady Belle. Ho er internasjonalt kritikarrost, og har gitt ut åtte album under dette artistnamnet. I år kom ho ut med plata «Dedication» til ståande applaus frå eit samla kritikarkorps. Dagbladet skilta med overskrifta «Norges svar på Beyoncé». Ho har ei eineståande formidlingsevne som foreinar Soul, Pop og Jazz på ein unik måte.

På hennar norske utgjevingar, under eige namn, tek Beate dessutan inn norske salme- tradisjonar, som ho flettar inn i dette universet. På salmeplata «Min song og hjarteskatt» toneset ho lyrikarar som Marit Kaldhol, Bente Bratlund, Hilde Myklebust, og si eiga mormor, Borghild Slettevoll. Det er tradisjonelle, religiøse folketonar, som vi kjenner frå salmane vi syng i kyrkja, men her har dei alle fått nyskrivne tekstar – skrivne berre av kvinner.

– Eg er heile tida på jakt etter framdrifta i musikken. Det må vere ei vilje der, helst ei litt kul vilje. Til å drive songen framover, men også motstand og friksjon. Og forløysing. Musikken min kan buldre av aggresjon, glitre av glede. Eg ønsker at den skal vere kraftfull og levande.

Når Beate S. Lech kjem til Sandsøya 21. juni er det med eit kresent utval av dei songane som har betydd mykje for henne gjennom karrieren, i eit heilt spesielt intimt og nært format. Song etter song opnar ho dører innover i livet, som om ho ser deg. Og syng om deg.