Supportercupen for britiske lag har halde det gåande i mange år. Det er ei stor turnering der det ligg stor prestisje i å hente heim den store pokalen.

I år skulle Bergsøy sin nye spiss, Andreas Mulelid Kvam, syne seg å bli ei viktig brikke på vinnarlaget, Ipswich Town.

– Det var ei flott oppleving I Oslo. Nydeleg ver og stor fotballglede. For min del var eg med i supportercupen for andre året på rad, og i år gjekk det ekstra bra sportsleg for oss, seier Andreas til Vestlandsnytt.

Han scora åtte mål og vart toppscorar i turneringa. Mellom anna sytte han for avgjerande mål både i kvart- og semifinalen. Finalen mellom Chelsea og Ipswich vart ein nervepirrane affære som vart avgjort i Ipswich Town sin favør på straffekonkurranse.

– Eg vart Ipswich-fan fordi pappa, Gunnar, også held med «The Blues», seier Andreas til Vestlandsnytt.

Han vart oppdaga av Bergsøy-trenar Toni Sandanger då han vart med vener i Bergsøy-miljøet på romjulscup i Herøyhallen i vinter. Då Andreas kom tilbake til Sunnmøre etter studiar i USA vart overgangen ordna. Valderøyingen er no ein del av eit opprykksjagande Bergsøy-lag i 4.-divisjon.

– Eg har faktisk spela for åtte klubbar, seier 24-åringen. som har vore innom til dømes Valder, Spjelkavik og Stranda.

Nokon spør kanskje kvifor folk held med Ipswich Town, som har halde seg på andre nivå i England i årevis. Svaret er mellom anna at klubben har ei stolt fortid, der dei ei tid dominerte fotballen i England. Laget vann FA-cupen i 1978 og UEFA-cupen i 1981. Namn som Paul Mariner, John Wark, Mick Mills, Terry Butcher, Arnold Mühren og Frans Thijssen vil for alltid vere sentrale i engelsk fotballhistorie.

– Nærast umogleg å stoppe

Ole Bernt Krogstad-Iversen, leiar i Ipswich sin norske supporterklubb, seier dette om Bergsøy-spelaren sin innsats:

– Andreas Mulelid Kvam flaug inn til Oslo fra Ålesund og var i mange av kampane nærast umogleg å stoppe. Hans mange mål og susande skot førte til arbeidsro og tryggheit i resten av laget.

(Det kan elles nemnast at han som skriv denne artikkelen er ein av mange hundre medlemar av den norske supporterklubben til Ipswich Town)