Slik svara rådmann Olaus-Jon Kopperstad då han fekk spørsmål i formannskapet om samarbeidsavtalen som Herøy og Vanylven har inngått er rigga for at også Sande kan bli med.

Herøy kommune ventar seg mykje av samarbeidsprosjektet som no blir inngått med Vanylven kommune.

Herøy formannskap sa denne veka ja til å delta i samarbeidsprosjektet som omfattar seks ulike saksområde. Herøy skal vere vertskommune på områda NAV og barnevern, og ansvarleg kommune på områda plan, bygg og geodata, samt brannvern.

Vanylven blir ansvarleg for områda økonomi, skatt, løn og personal, samt dokumentsenter, arkiv og servicetorg.

Over fem årsverk

For Herøy kommune er det venta at samarbeidet vil gi ei innsparing tilsvarande 0,9 årsverk på kvart område, eller 5,4 årsverk samla for områda som avtalen omfattar. Tilsvarande for Vanylven er 1,8 årsverk. Dette kjem fram som følgje av at dei to kommunane vil fordele den totale effektiviseringsgevinsten etter folketalet.

Formannskapet vil gi rådmannen fullmakt til å utvide samarbeidet med andre tenesteområde og godkjenne at andre kommunar blir invitert inn i samarbeidet.

Kva med Sande?

Også Sande har vore med på samarbeidsdrøftingane når det gjeld NAV og barnevern, men har ifylgje rådmann Kopperstad gjort det klart at dei treng meir tid. Eitt av problema synest å vere samlokalisering, der Sande ønskjer ei full samlokalisering av tenestene i Myrvåg. Men det er ikkje Herøy interessert i.

– For oss vil det vere heilt meiningslaust at eit tilbod vi har samlokalisert med andre tenester, i eit nybygg på Eggesbønes, skal flyttast til Myrvåg, forklarte han.

Også det å flytte NAV til Myrvåg såg rådmannen på som noko spesielt.

Rådmannen viste til at Vanylven har sagt seg fornøgde med å få ein satellitt i kommunen på NAV og barnevern.

I vedtaket heiter det at som vertskommune vedtek Herøy samarbeidet med Vanylven frå 1. januar 2019, sjølv om Sande kommune eventuelt skulle seie nei, eller utsette handsaminga av saka. Denne presiseringa var det ifylgje rådmann Kopperstad Vanylven kommune som ville ha med i vedtaket.