Dei hadde òg med seg Kaja Rode, kjend frå The Voice, og kunne derfor by på ein heilaften med kvalitetssterk musikk.

Ulstein Storband

Ulstein Storband opna konserten åleine med den instrumentale songen «Minor Flirtation», og vi kunne høyre at dei har ei solid blåserekke og dyktige musikarar. Dirigenten er «vår eigen» Øyvind Granden Berg. Av namnet skulle ein tru at dei kanskje berre held til i Ulsteinvik.

– Vi er faktisk eit regionstorband, med medlemmar frå både Herøy, Ulstein, Sande og Volda, seier Helga Hatløy Hagen, som spelar trombone i storbandet.

– Med så mange flinke lokale stjerneskot ville vi gjere ein konsert i Herøy. Dette er god profilering for oss, og vi vil prøve å få etablere oss eit publikum her ute, held Hagen fram.

Dei lokale stjerneskota

Trond Ihle var kvelden sin konfransier. Han leia publikum godt gjennom programmet.

– Vi har mange lokale stjerneskot her i kveld, og desse skal vi sleppe til, seier Ihle, kort tid etter at storbandet har opna konserten. Og namna han ramsar opp er ikkje ukjende for oss. Vi har fulgt fleire av dei sidan dei var born, og det er imponerande å sjå den personlege utviklinga til denne flotte Herøy-ungdommen, som no har vorte vaksne, sjølvsikre songarar. Denne kvelden kan vi tydeleg sjå kva eit godt kulturliv i kommunen gagnar oss, for dette var kvalitet!

Kaja Rode

Men Ulstein Storband hadde i tillegg til dei lokale stjerneskota leigd inn ein hovudartist; sjølvaste Kaja Rode. For dei fleste av oss er ho kjend som ein av dei aktuelle i fjorårets The Voice. Og trass sin unge alder, er ho ein særs dyktig songar. Ho imponerte tydeleg fleire då ho avslutta konserten med ein nydeleg versjon av «I will always love you». Denne dama vert det spennande å følgje vidare!

Populært program

I løpet av konserten kom fleire storband-klassikarar som perler på ei snor, og det var ikkje vanskeleg å kjenne rytme i kroppen. Då konserten var over, reagerte publikum med ståande applaus. Vi er heldige som har moglegheit til å få oppleve ein konsert av så høg kvalitet utan å ha verdstjerner til stade, berre lokale stjerneskot frå vår eigen kommune.