- Bumperballs var ein stor suksess på Havyard Cup, og det er ekstremt populært og gøy for dei som spelar. Eg har sagt til Bergsøy-trenar Toni Sandanger at dei bør køyre teambuildinga si med bumperballs framover. Hadde dei gjort dette på kvar trening, så hadde dei nok vore i Eliteserien allereie, smiler PR-ansvarleg for Sommarfesten, Carl-Henrik Moltumyr.

Rullande Ryssevik

Til å teste bumperballane i Parken, får Moltumyr med seg kommunen sin festivalrepresentant Mona Ryssevik. Ho får seg eit par «rullande» turar.

– Du treng ikkje å vere så ung for å delta. Men du må vere litt ungdommeleg til sinns, seier ho, med håret til alle kantar inni ballen.

At det er morosamt ser ein elles heilt tydeleg på ansiktsuttrykket til Ryssevik inni ballen.

Direkte frå Kina

Det er ikkje akkurat i nabolaget desse bumperballane har vorte henta frå.

– Vi fekk auge på desse store og runde ballane på nettet og tenkte at dette måtte vi få til her ute på sommarfesten. Så vi importerte dei heile vegen frå Kina. Det er HerøyLAN som har importert dei frå Kina, og det er HerøyLAN som arrangerar bumperballs til sommarfesten. Det er kjøpt inn for å utvide LAN sitt omfattande tilbod til ungdomen for LAN-party som vert arrangert to gongar i året, og for å styrke tilbodet til ungdomen heile året i tillegg til investering i nytt paintball-utstyr og innandørsbane i URA, seier Carl-Henrik.

Dei som melder seg på vert godt polstra, har masse adrenalin, og på mjukt underlag vert det ein særs artig og 120 prosent trygg leik, forsikrar Moltumyr.

– Ein får ikkje smerter, for ballen i seg sjølv er eit godt vern for kroppen. Inne i ballen er det selar som syter for at du ikkje flyg ut av ballen. Du kan slå kne og anklar og sånn, men det går som regel bra. Bumperballs er for alle så lenge du er høg nok, seier han.To fotballmål og strekar i marka skal markere bumperfotballbana i parken.

Onsdag til laurdag

Bumperballs vert arrangert onsdag, torsdag og fredag og laurdag.

– Vi tek atterhald om bra vêr og moglege endringar, avsluttar Bumperballs-entusiast Moltumyr.