Det seier rådmann Olaus-Jon Kopperstad som eit apropos til dagens budsjettkonferanse i Herøy formannskap.

For rådmannen er tanken bak den tidlege starten på budsjettarbeidet å peike på ein del sentrale utfordringar og mulegheiter som ligg i tida, med ønskje om å få signal tilbake frå politikarane om korleis dei meiner det skal satsast.

–Vi er ute etter å få klarlagt handlingsromet og få gjort administrasjonen sitt arbeid førutseieleg, seier Kopperstad.

Må gjere strategiske val

Kopperstad understrekar behovet for å gjere ein del strategiske val om ein skal greie å kome seg ut av den vanskelege og krevjande økonomiske situasjonen som Herøy kommune har hamna i. Om ikkje ein greier å snu denne utviklinga, ser rådmannen utfordringar i høve til tenestetilbodet som berre blir større og større.

Må bli fleire skattytarar

Inntektene til kommunen består av skatt og statlege overføringar, og for rådmannen står det heilt klart kva som må til:

– Vi må bli fleire som bur i Herøy og betalar skatten sin til Herøy. Dermed må det skapast fleire arbeidsplassar, og vi må kunne tilby attraktive buområde slik at folk også finn det interessant å bu i Herøy.

Dette vil ikkje berre påverke skatteinntektene til kommunen, men folketalsutviklinga står også heilt sentralt med tanke på kva kommunen skal kunne hente i statlege overføringar.

Her er det ein heilt klar samanheng, seier Kopperstad, og understrekar det med å vise til at ei folketalsendring på ti fleire eller færre innbyggarar tilsvarar ein halv million kroner meir eller mindre frå staten.

Rådmannen legg til at færre innbyggjarar og mindre inntekter derimot ikkje påverkar kommunen sine utgifter i særleg grad.

– Sjølv om vi skulle bli nokre titals færre innbyggarar, er det ikkje så enkelt som at også utgiftene minkar. Tilboda må oppretthaldast, og vil koste det same, forklarar han.

Med tanke på kor mykje folketalsutviklinga faktisk har å bety, er spørsmålet rådmannen stiller politikarane følgjande: Korleis skal vi greie å påverke denne utviklinga?

– Er her arbeidsplassar – offentlege og private – som er egna til å trekke til seg folk, og kan det skapast fleire?

Difor har etablering og utvikling av næringsområde fått ein sentral plass i administrasjonen sine framlegg til investeringar. Her har kommunen peika ut Mjølstaneset, Eggesbønes og Dragsund som satsingsområde både når det gjeld industri- og kontorarbeidsplassar.

Eit levande sentrum

Kvar er det ønskjeleg å etablere kontorarbeidsplassar? Myrvåg har fått ein god del slike, men i tillegg tenkjer rådmannen at dei kontorarbeidsplassane som kommunen har mulegheit til å påverke, bør styrast til sentrum.

Attraktive bumiljø er nesten like viktig. Sjølv om ein kan tilby arbeidsplassar, er det ikkje sikkert folk vil etablere seg i Herøy for det, påpeikar han.

– Då kan vi risikere auka innpendling av arbeidstakarar som bur i andre kommunar og betalar skatten sin der.

For rådmannen står sentrumsutvikling difor som eit heilt sentralt strategisk val. De må bu folk i sentrum. Her må vere liv og røre, og i eit levande sentrum må det vere handel, restaurantar, kontor, kultur, reiseliv og andre tilbod som høyrer til i eit sentrum.

I denne samanhengen får Kopperstad lyst til å sitere Per Sævik:

– Eit sterkt sentrum er ikkje noko trugsmål mot bygdene, men er med på å bygge opp om sterke bygder og gode bygdemiljø.

Sjå til Ulsteinvik

– Vi treng ikkje sjå lenger enn til Ulsteinvik for å skjøne kva sentrumsutvikling har å bety, seier Kopperstad.

Variert butilbod

Når det gjeld tilrettelegging av bustadtilbod, er det ifylgje rådmannen viktig å sjå kvar folk ønskjer å busette seg. Kommunen si satsing på Dragsund meiner han må kunne kallast særs vellukka. Dragsund ligg strategisk til for arbeid i heile regionen, og det viser seg også i praksis:

– Dei er ikkje oppvaksne i Herøy alle som bur i Dragsund.

I tillegg reknar han Tjørvåg for å vere eit attraktivt buområde, med skulen og idrettsområdet som tiltrekkande element, og i ytre er det aksen få Frøystad, Leine, Nærøya og over Bergsøya til Kvalsund som appellerer.

– For dei som ønskjer å bu litt meir urbant har vi Fosnavåg sentrum. Her er det mulegheiter, og eg trur det som no skjer på Vågsholmen vil vere noko å bygge vidare på. Fosnavåg er ikkje ferdig utbygt, men har potensiale for fortetting og urbanisering vidare, seier Kopper- stad.

Strategisk jobbing

Det Kopperstad her er inne på vil vere som eit bakteppe for dagens budsjettkonferanse i formannskapet.

– Nøkkelen til utvikling ligg i å jobbe strategisk med sikte på å få opp folketalet, og det å ha ein god strategi for positiv folketalsutvikling må vere hovudfokuset framover, understrekar han.

Eit poeng med budsjettkonferansen er òg å kome tidleg i gang med diskusjonen, slik at det ikkje blir så mykje stress på hausten.

Her må det skytast inn at det same var føremålet då rådmannen i fjor la opp til og fekk gjort unna investeringsdiskusjonen i forkant av budsjettinnspurten. Då fastsette kommunestyret investeringsplanen for dei komande fire åra gjennom eit samla vedtak. Men så sprakk einigheita heilt på slutten.

– Ja, det skjedde noko siste natta før formannskapet, seier Kopperstad, men legg til at akkurat det ikkje kom som noko stort sjokk.

Når politikarar skal markere skilnad har det lett for å bli slik. På den måten står administrasjonen litt i konflikt til politikken sin natur.

– Vi er opptekne av system og førutseielegheit. Planlegging er det viktigaste for oss, slår Kopperstad fast.