Sande-ordførar Dag Vaagen har rekna ut at kvar sandssokning betalar 1.244 for at kommunen er med i SSIKT. Kvar herøyværing betalar 594 kr.

Det er kostnadsnøkkelen for det interkommunale IKT-selskapet som gir slike skeivheiter.

– Eg kan ikkje unngå å nemne det. Alle slike kostnader hentar vi med grunnlag i inntekter som skriv seg frå vårt eige innbyggjartal. Det er urettferdig at vi skal betale meir enn det doble av nabokommunen, sa Vaagen då formannskapet velsigna ein ny digitaliseringsstrategi.

Fungerande rådmann Oddbjørn Indregård kunne tilføye at kostnadsnøkkelen i SSIKT skal endrast meir i retning av fordeling etter folketal Han antyda at det etter kvart blir 70/30 i favør folketal som erstatning for dagens 50/50-nøkkel.