Remøy Group med sine dotterselskap har kome i mål med refinansieringa som konsernet har jobba fram sidan i fjor haust.

– Vi er svært nøgde med å ha kome fram til ei god løysing for eigarar, selskapet og kreditorane, seier adm. dir. Karl-Johan Bakken i ei pressemelding.

Her går det fram at det etter forhandlingar no er semje om alle vilkår i avtale-modellen som selskapet presenterte for kreditorane. Denne modellen har no fått støtte frå både kreditorar, eigarar og selskapet.

– Dei nye avtalane, som gjeld fram til utgangen av 2022, gir selskapet eit godt fundament i åra som kjem, seier Bakken.

Styreleiar Ole Heggheim, i Remøy Group, seier seg svært fornøgd med å ha oppnådd ein stabil og langsiktig finansieringssituasjon, og er godt posisjonert for forventa oppgang i marknaden.