Fredag kjem Ulstein Storband til Fosnavåg konserthus. Med sine 17 musikarar frå kommunane Ulstein, Herøy og Volda, har dei skreddarsydd eit program som dei håpar vil treffe eit breitt publikum. Repertoaret spenner seg frå tradisjonell storbandsmusikk frå nyare tid, som Michael Bublè sin versjon av «Feeling Good», til store hits frå popverda dei siste tjue åra, som Sting sin «An Englishman in New York» og James Bond-låten «Skyfall».  Det skriv Ulstein Storband i ei pressemelding.

Musikalsk leiar for konserten er Øyvind Granden Berg og konferansier for kvelden er Trond Ihle.

Lokale vokaltalent

Som hovudvokalist for konserten har Ulstein Storband fått med seg Kaja Rode, som budde fleire år i Ulsteinvik frå ho var 10 år gammal. Kaja har sunge sidan ho var lita og har i sitt 20 år gamle liv allereie brei erfaring på scena. Det store gjennomslaget hennar kom hausten 2017, då ho med solide prestasjonar fekk ei flott plassering i TV2-satsinga «The Voice - jakten på Norges beste stemme». Kaja har ved fleire høve tidlegare sunge saman med Ulstein Storband, og no ser ho fram til å få stå på scena saman med dei igjen og møte publikum på Fosnavåg konserthus.

I tillegg til Kaja har Ulstein Storband invitert med eit knippe til med dyktige lokale vokalistar; Arnhild Bjerkvik, Even Sævik, Emma Sævik, Adrian Remøy, Tomas Skeide Frekøy, Andrine Berge og Martine Gjerdsbakk. «Stjerneskota» har drive med song i ulike samanhengar i fleire år, men for dei fleste er det ei ny erfaring å stå på scena med eit storband i ryggen. Felles for dei alle er at vokalprestasjonane er av høg kvalitet ramma inne av solid storbandsmusikk.

Ulstein Storband med vokalistar ser fram til å få presentere programmet sitt og ønskjer velkomen til Fosnavåg konserthus laurdag.