Det seier Eirik Voksøy Bringsvor og Kaare Worren, to av ungdomane vi møter ein solvarm fredagskveld.

Nokre ungdomar i alderen 16 til 30 år har samla seg på ei avkøyrsle ved Voksevegen som bind saman dei to øyane i ytre. Det er ein solvarm, vindstille kveld, med terneskrik frå holmar og skjer i nærleiken.

– Her har vi godt samhald, ungdomen likar seg og vi ynskjer at nye generasjonar kan få oppleve det å vekse opp på Sandsøya og Voksa, poengterer Ingrid Bringsvor Voksøy.

Ho er aktiv både i grendelag og ungdomslag, og har fått inn dugnadsånd og samhald frå barnsbein av.

Svinga av i siste liten

Nyleg var det skulesaka som dominerte praten øybuarane imellom. Kommunen hadde stø kurs mot nedlegging av Sandsøy skule, noko ungdomane fryktar vil vere «drepen» for mange sine framtidsplanar på øya.

Som kjent vart det så mykje murring frå ymse hald mot planane om skulenedleggingar i Sande, at kommunestyret som siste instans svinga av og utsette struktursaka.

Parallelt med dette førebudde Sandsøy-ungdomane eit møte.

Det kom godt med folk, og vi har ein strategi som dreier seg om kartlegging og konkrete tiltak, fortel initiativtakar Eirik Voksøy Bringsvor.

– Vi har etablert nettportalen sandsoy.no, der busetting er eit sentralt kapittel, fortel Bringsvor. Ungdomane samarbeider med grendelaget når det gjeld husprosjektet, og Eirik driftar sandsoy.no for grendelaget.

Fersk nyetablering

Han hadde faktisk etablert eige byggfirma same dag som intervjuet vart gjort. Om rette personen melder seg vert det nok også fleire i sving utanom Eirk sjølv. Elles skal ei av bedriftene på øya no ha rekruttert ein småbarnsfamilie som kjem til øya. Nettopp slikt er det øysamfunnet formeleg skrik etter.

Ungdomane vi møtte denne kvelden applauderte alle slike positive trekk og kunne faktisk rite opp ei rekkje fine sider ved utviklinga i lokalt næringsliv. Marine Harvest si komande etablering på øya, Sandefisk sitt pågåande arbeid med nyrekruttering og Sandsøy Servicebåt sitt etter kvart solide fotfeste med lokalt utgangspunkt.

– Arbeidsplassar er viktig, og vi ynskjer i tillegg å kartleggje og eventuelt samarbeide med næringsliv innanfor pendlaravstand, opplyser ungdomane.

Vil ha med kommunen

Dei strekkjer også ut ei hand til Sande kommune og håpar på godt samarbeid i tida framover, til felles beste for alle.

– Ja, faktisk ventar vi at kommunen er med på laget. Det synest vi ikkje er kravstort. Vi høyrer i fleire samanhengar at politikarane snakkar om bulyst, og då reknar vi med det gjeld handling, og ikkje berre ord.

Ungdomane er også samstemte i synet på at det må bli meir fart over planane til Sande Fastlandssamband, eit prosjekt dei ynskjer å engasjere seg meir i.

Bustadkartlegging

I desse dagar er det sendt ut eit brev til dei som eig hus på Sandsøya og Voksa som ikkje er i bruk.

– Vi må få fleire til å bli verande og flytte til oss, og dei som vil bli verande her må få ein stad å bu viss dei treng det. Difor går vi no ut og undersøker om nokon huseigarar kan vere villig til å hjelpe oss, heiter det i brevet.

På nettsida sandsoy.no skal vi ha ein portal som heiter «Flytt til Sandsøya/Voksa», der det skal vere konkret informasjon om tilgjengelege tomter, hus, leilegheiter og hyblar, samt ledige jobbar anten på Sandsøya/Voksa/Kvamsøya eller i realistisk pendlaravstand. Der vil også vere informasjon om fritidstilbod. På desse sidene vil ein og legge ut informasjon og eventuelt bilete av dei enkelte husa.

Saker og ting på gang ...

– Hus er ei utfordring, og vi veit om unge folk som i alle fall førebels har etablert seg andre stadar, i mangel på ledige husvære eller eigna tomter på Sandsøya og Voksa. står mange hus her ute som står tomme. Vi håpar på hjelp frå huseigarane, seier Eirik, Ingrid og Kaare.

Før vi seier takk for praten kan ungdomane også fortelje at dei har ein del PR-stunt på gang. Førebels litt hemmelege saker som kan kome til å vekkje ein del merksemd. Dei smiler og ler. Ein positiv glød er avgjort tend.