Det er ikkje berre på Tjørvågane det har samla seg feittliknande stoff på sjøoverflata dei siste dagane. No er det fleire som spør seg om de kanskje ikkje dreiar seg om feitt frå spyling av fiskebåtar, men noko så naturleg og uskuldig som pollen.

– Eg har i fleire dagar sett liknande flak, spesielt nord om Hidsneset. Eg går ut ifrå at dette er naturlege ting som pollen og liknande som legg seg slik i varmt og roleg vêr.

Det seier Øyvind Gjerde, som er ein av fleire som har reagert på saka vi hadde sist veke.

I småbåthamna på Jensholmen såg det liknande ut som i Tjørvåg, og Dag Torset kan fortelje om liknande observasjonar både i Gurskevågen og på Skredestranda den siste tida. Også han meiner det har si naturlege forklaring i årstid og temperaturar.

Sigurd Nygård trur derimot ikkje heilt på pollen-teorien, men meiner framleis det var fiskefeitt han tok bilde av i Tjørvåg.

– Pollen i så store mengder, nei det har eg ikkje tru på, seier Nygard.

– Men feitt eller ikkje feitt. Spyling av båtar innaskjers burde ikkje ha vore lovleg, legg Nygard til.

SKREDESTRANDA: Dette bildet har Dag Torset sendt oss frå Skredestranda. Fiskefeitt eller pollen?
TJØRVÅG: Sigurd Nygard meiner framleis det var fiskefeitt han tok bilde av i Tjørvåg for nokre dagar sidan.