Oppdatering klokka 21:

Brannvernet melder litt før klokka 21.00 at dei meiner å ha kontroll på brannen. Nytt helikopter og nytt brannmannskap hadde no kome til Remøya og arbeidde med sløkking og ettersløkking. Framleis vart det meldt om open eld høgt oppe i fjellsida, men det skal ikkje vere fare for bygningar.

- Brannvernet og Sivilforsvaret vil vere på staden for kontroll og ettersløkking utover natta, melder 110-sentralen klokka 20.55.

Vanskeleg terreng

Det var rundt klokka 15 meldinga om brannen kom. Naudetatane rykte raskt ut til Remøya, men det synte seg vanskeleg å kome seg fram i det brattlendte terrenget ovanfor busetnaden.

Frå der vi stod i Fosnavåg var det tydeleg at brannen utvikla seg raskt i det bratte skogs- og lyngterrenget. Vindretninga var innleiingsvis sørleg, noko som var gunstig med tanke på å hindre spreiing til husa i området.

Det er knust tørt på heile Nordvestlandet for tida. Måndag iverksette ei rekkje sunnmørskommunar straksforbod mot bruk av open eld utandørs. Mellom desse var kommunane på Ytre Søre Sunnmøre: Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven.

Helikopter x 2

Litt etter klokka 17 måndag ettermiddag var to helikopter i sving med sløkking i fjellsida der det brenn. Brannvesenet melder at sløkkingsarbeidet frå lufta gir god effekt. Det skal ikkje vere fare for at bygningar går med i brannen, etter det Vestlandsnytt erfarer.

Litt før klokka 19 er det framleis ingen kontroll med brannen. Brannvesenet opplyser at det framleis er full fyr fleire stadar, men gode vermeldingar (les: lite vind) gir håp om at brannen ikkje skal spreie seg med særleg stor fart.

Ei stund var det så dramatisk at folk i nærliggande hus skal ha teke til å bere ut eigedelar frå husa sine, som dei ville berge. Måndag kveld verkar det som om bygningane - i alle fall så langt ein har oversikt over, skal vere berga.

Årsaka?

Det vart måndag kveld spekulert i brannårsaka. Tips peikar i retning av ein bestemt type aktivitet i nærleiken av ein bygning. Verken politiet eller brannvesenet har i sine løpande rapportar nemnt noko som helst om brannårsak.