– Det er klart vi er mange som kjempar for at Sande Fastlandssamband skal få gjennomslag for sine planar. På same tid er det tydeleg at SaFast treng draghjelp. Vi har difor alliert oss med leiar i samferdselsutvalet, Kristin Sørheim.

Det seier Bjarne Kvalsvik (Uavhengig valliste for Sunnmøre). Han var på SaFast si generalforsamling i fjor, og har tenkt å møte opp også i år.

«Leggje inn høgare gir»

– Vegprosjektet i Sande har ikkje hatt den progresjonen ein skulle ynskje. Personleg trur eg det må leggjast inn eitt litt høgare gir for å få fart over planane, seier Bjarne Kvalsvik til Vestlandsnytt.

Aktuelt i desse dagar er korleis SaFast og andre prosjekt vil «klare seg» i den nye modellen til fylkeskommunen som syner i kva grad sjølvfinansierande prosjekt ved hjelp av ferjeavløysingsmidlar vil kunne klare seg.

– Vi har ikkje fått noko tal rundt SaFast enno, og eg er veldig spent både på korleis dette og eit prosjekt som Rovdefjordsambandet vil matche inn i modellen, seier Kvalsvik til Vestlandsnytt.

Generalforsamling 7. juni

Sande Fastlandssamband har generalforsamling 7. juni, og då vil både Sørheim, Kvalsvik og truleg også folk frå fylkesadministrasjonen vere til stades.

Kvalsvik seier Uavhengig valliste mottek stadig fleire henvendingar frå folk som «soknar» til SaFast.

– Det vert uttrykt frustrasjon over mangelen på framdrift. Det er berre planlegging og endå meir planlegging, utan at det skjer noko meir. Dessutan er det tydeleg ein del mismot ute og går i ytre Sande for tida med tanke på skulesaka. At skular kan bli nedlagde før det er bestemt noko som helst om fastlandssamband, seier Bjarne Kvalsvik til Vestlandsnytt.

Han syner også til debatten i media, med eit innlegg frå Kaare Worren som døme, der det vert uttrykt frustrasjon over manglande framdrift i SaFast.

– Eg trur dessverre ikkje sjølvfinansieringsgraden i SaFast er så god som dei sjølve har uttrykt, seier Bjarne Kvalsvik.

Viktige Nordøyvegen-tal

Dagleg leiar Jostein Korsnes i Sande Fastlandssamband AS er den første til å skrive under på at SaFast sine planar skulle ha vore langt meir forserte enn dei hittil er.

– Kvalsvik har tidlegare vore skeptisk til vår sjølvsinansieringsgrad, og det kan godt hende han må bite i seg desse orda. Den nye matrisen som er utarbeidd kring sjølvfinansierande samband kjem så langt vi kjenner til ikkje så godt ut som det vi tidlegare har trudd. Det er også noko med utrekningsmåtane her som ikkje er den beste. Men dette er berre førebels synsing. Det viktige no er å sjå korleis dei endelege anbodstala for Nordøyvegen blir sjåande ut. Når desse kjem, trur eg SaFast sin finansieringsmodell vil syne at vi er sjølvfinansierande, seier Korsnes.

Han seier det er bra at fylkespolitikarane syner interesse for og iver for å å få gjennomført prosjektet. Det er fint, meiner han, at både Sørheim og Kvalsvik vil vere til stades på generalforsamlinga. Han kjenner også til at det frå Høgre kan vere sentrale folk på veg til møtet, der det kan kome viktige SaFast-avklaringar.

Kamp mellom fire

Det er fire prosjekt i Møre og Romsdal som står på ei førebels uprioritert liste over samband som kan vere sjølvfinansierande. I fylgje Korsnes er det viktig for SaFast å vere først i køen av desse, for gjennomføring.

– I denne prosessen er det viktig at avklaringane er gjorde kring sjølvfinansisering, samt eit godt samarbeid med det viktige planutvalet i fylket. Her er Kristin Sørheim ein av dei sentrale, mellom anna saman med Frank Sve, seier Jostein Korsnes.