Til familiearrangementet på ÅRAM PLUSS er vi så heldige å få «Den trufaste venen» frå Sogn og Fjordane Teater som gjestespel. Skodespelarane Wilhelm Støylen og Kyrre Eikås Ottersen formidlar Oscar Wilde si klassiske eventyrforteljing «Den trufaste venen». Inviter gjerne med born eller barneborn; denne framsyninga passar for alle frå 3 år. Ein bokfink si forteljing til ei vassrotte

Ein bokfink fortel til ei vassrotte likninga om den trufaste venskapen mellom Vesle-Hans og Møllaren. Møllaren har all makt i venskapsforholdet med Vesle-Hans. Kvifor lar Vesle-Hans seg undertrykkje, og kvifor blir Møllaren forguda av alle rundt han? Og kva er ein god venskap? Dette er spørsmål vi møter i denne forteljinga – spørsmål som er viktige, om ein er liten eller stor, ung eller gamal.

Wilhelm frå Kvamsøya tar turen heim til Sunnmøre. Wilhelm Støylen har lese for born på Litteraturhuset i Oslo i fleire år og har no faste lesestunder ved Sogn og Fjordane teater ein gong i månaden. Som skodespelar har han jobba for mange teater og teatergrupper i inn- og utland.

Wilhelm er også kjend som programleiar i NRK, kanskje hugsar du han frå Barne-TV? Nyleg var han å sjå i filmen «Karsten og Petra lager teater». Kyrre Eikås Ottersen kom direkte frå skodespelarutdanning ved Bergen Teaterskole til eit engasjement ved Sogn og Fjordane Teater i 1995. Han har hatt fast stilling ved teateret sidan 1996. Kyrre har hatt engasjement ved Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš og Teater Innlandet, og er ein allsidig skodespelar.

Bokmarknad med bøker for alle

Festivaldagen tar til med bokmarknad og ope bibliotek, og Grendalaget Åram har festivalkafé. Bibliotekfilialen på Åram held ope, og på bokmarknaden vil det vere mogleg å finne bokskattar for eit slikk og ingenting blant Vanylven folkebibliotek sine kasserte bøker. Forlaget Skald og Vestvang Bokhandel har med seg aktuelle bøker for sal. Vanylven mållag har stand, og vi lagar bokbad av eit badekar som vi fyller med bøker. Gjett kor mange bøker det er i bokbadet, og vinn ein flott bokpremie!

ÅRAM PLUSS, festival på Åram i Vanylven på Ytre Søre Sunnmøre. Festivalen blir arrangert for første gong 24.–26. mai 2018: Konsertar i Åram kyrkje på kveldstid torsdag 24. og fredag 25. mai. Litteratur og musikk på Åram skule heile dagen laurdag 26. mai.