Statistisk Sentralbyrå sin ferske statistikk over folketalsutviklinga i første kvartal syner ein del variasjonar mellom kommunane i vår region.

Ned i Sande

Sande opplevde størst tilbakegang mellom kommunane i fylket, med 14 personar ned. Hovudårsaka er eit fødselsunderskot på 10. Det var fire fødde og 14 døde i første kvartal, samt ei nettoutflytting på fire.

Ned i Herøy

Herøy opplevde ein folketalsnedgang på 13 i førstekvartal og verkar å vere litt unna målsettinga om «10.000 i 2020» som dei lanserte for nokre år tilbake. Her skriv nedgangen seg frå ein kombinasjon av fødselsunderskot (23 døde, 19 fødde) og utflytting (minus 9).

50 fleire i Ulstein

I Ulstein held folketalsauken fram. Her auka folketalet med 50 i første kvartal. 24 fødde og 11 døde gir eit fødselsoverskot på 13. Samstundes var det nettoinnflytting på 37 til Ulstein i løpet av årets tre første månader.

Hareid i pluss

Også Hareid gjekk i pluss i første kvartal. Her auka folketalet med 7. Ei nettoinnflytting på 8 og eit fødselsunderskot på 1 sytte for det (9 fødde, 10 døde).

Vanylven i minus

Også i Vanylven er det registrert tilbakegang. Her vart det ni færre i første kvartal. Med 7 fødde og 15 døde vart det eit fødselsunderskot på 8. Og så hadde Vanylven pluss 3 på flyttebalansen.

Slik var folketalet i kommunane på Søre Sunnmøre 1. april med utviklinga i første kvartal i parentes: