Det er Kommunal Rapport som kvart år presenterer kommunane sine korrigerte inntekter, justert for kor dyrt det vil vere å gi eit standard tenestetilbod i kommunen.

Sidan målinga for eitt år sidan har Herøy falle ytterlegare seks prosent. Det er også fleire andre kommunar som kjem dårlegare ut enn for eit år sidan, men av desse var det berre Herøy og Stor-Elvdal som frå før låg under landsgjennomsnittet i korrigert inntekt.

Alt talar imot Herøy

Herøy kommune har verken eigedomsskatt, konsesjonskraft eller heimfallsinntekter. Det er også slik at Herøy har fått auka kostnadene med nær ti millionar kroner som følgje av at kommunen fekk endra arbeidsgjevaravgiftssone for nokre år tilbake.

– Når i tillegg skatteinntektene er under landsgjennomsnittet, er det vel rett å seie at alle faktorane dette nøkkeltalet blir målt etter går i Herøy sin disfavør, kommenterer rådmann Olaus-Jon Kopperstad.

Ifylgje rapporten låg Herøy kommune i 2017 på 88 prosent av landsgjennomsnittet i korrigerte frie inntekter. Dette kvalifiserer Herøy til den absolutte sisteplassen av alle kommunane i landet.

Rekna per innbyggar utgjer desse inntektene 50.673 kroner i Herøy, medan snitten per innbyggar i landet er på om lag 57.583 kroner.

– Om Herøy hadde lege på snitten, ville vi hatt om lag 61,85 millionar kroner meir i inntekter å drive kommunen for, seier Kopperstad.

Kopperstad viser til at heller ikkje nabokommunane ligg på snitten, men Sande kjem nærast med 98 prosent. Det vil seie at med tilsvarande frie inntekter som Sande hadde Herøy hatt 48,2 mill. kroner meir å drive kommunen for. Tilsvarande samanlikning med Ulstein ville gitt Herøy 26,6 mill. kroner meir.

Sande sine korrigerte frie inntekter var på 56.059 kroner per innbyggar, og auka med 0,6 prosent siste året. Sande kjem med dette på plass nummer 284 i landet.

– Vi kan og for ordens skuld sjå på Aukra, som ligg på 205 prosent av landsgjennomsnittet og høgst i fylket. Med tilsvarande høge inntekter per innbyggar ville Herøy hat 598,6 mill. kroner meir enn det vi har i dag, seier Kopperstad.