Sjukefråværet i Sande kommune enda på 10,8 prosent i 2017. Som naturleg er, finst det store naturlege variasjonar for dei ulike einingane.

Barnehagar og sjukeheimen toppar fråværsstatistikken

Kanskje ikkje uventa dominerer einingar på arbeidsplassar med noko meir fysisk belastande arbeid enn andre. Barnehagane samla var i 2017 registrerte med 16,7 prosent sjukefråvær, medan Sandetun sjukeheim har 15,1 prosent sjukefråvær.

Vidare på lista finn vi Gjerdsvika oppvekstsenter med 12,9 prosent, Kvamsøy oppvekstsenter med 12,8 prosent og heimetenesta med 12,7 prosent sjukefråvær. Eining for bu- og habilitering har også 12,7 prosent sjukefråvær. I einingane på rådhuset er det 10,9 prosent sjukefråvær.

Dei andre oppvekstsentera ligg fråværet under kommunen sin eigen snitt, og Sandsøy oppvekstsenter kjem «friskast» ut med 4,1 prosent sjukefråvær.

Det skal seiast at sjukefråværet på Sandetun sjukeheim har gått ned etter å ha vore oppe i 20 prosent i 2015.

Tilrettelegging lokalt

Til saka vert det opplyst at einingane har utarbeidd eigne planar med definerte mål for sjukefråværsreduksjon. Det vert rapportert om oppfølging, tilrettelegging og avklaring forsjukemelde arbeidstakarar i heile organisasjonen.

Mellom anna er det iverksett trivselstiltak rundt i einingane med fokus på fysisk aktivitet og sosiale aktivitetar.

Talet på årsverk i Sande kommune har i perioden frå 2007 til 2017 auka frå 193 til 212. I same perioden har folketalet vore om lag uendra. Den store endringa demografisk er at det vert stadig høgare snittalder i kommunen, med fødselsunderskot stort sett kvart år.

Det som har berga folketalsutviklinga, er tilflyttinga frå utlandet. I dag er det nær 500 personar med innvandrarbakgrunn i kommunen. Det tilsvarar nærare 20 prosent av innbyggjarane, noko som gjer Sande til ein av dei mest internasjonale kommunane i landet.

Dei fleste jobbar deltid

Interessant er det også å sjå korleis årsverka er fordelte.

258 kvinner arbeider i Sande kommune. Av desse arbeider under halvparten – 110 – heiltid, 148 er tilsette på deltid. Dei 58 mennene som arbeider i kommunen fordeler seg mellom 33 heiltidstilsette og 25 på deltid.

Årsmeldinga syner i fylgje fungerande rådmann Oddbjørn Indregård at Sande kommune driv ei mangfaldig verksemd.

–Sande kommune dekkjer dei behov som både folkevalde og staten forventar at kommunen skal løyse for sine innbyggjarar. Dei tilsette har også i 2017 utført ein solid jobb, og med det har dei utgjort ein forskjell for tenestemottakarane og innbyggjarane i Sande kommune gjennom 2017, heiter det i rådmannen sine kommentarar.

Pilotprosjekt er starta opp

Fungerande rådmann Oddbjørn Indregård seier til Vestlandsnytt at sjukefråværet også i 2018 ligg på rundt 10 prosent samla.– Det er klart at sjukefråværet er ei stor utfordring for dei det gjeld spesielt, og for kommunen generelt. Saka har høg prioritet. Denne veka gjekk startskotet for eit pilotprosjekt der vi skal gå endå meir grundig til verks for å få ned fråværet, seier rådmann Indregård til Vestlandsnytt.

Prosjektet er eit samarbeid mellom kommunen, NAV og KS. På oppstartsmøtet deltok leiarar, verneombod og tillitsvalde.

– Målet er at denne nysatsinga etterkvart skal inn i alle einingar. I første omgang går vi igang med denne satsinga innan pleie og omsorg, opplyser Oddbjørn Indregård.