Det seier den verdsleiande bratsj-spelaren Lars Anders Tomter etter å ha vore på helgetur i Herøy.

Formålet med besøket var i utgangspunktet å delta i Andreas Notøy sin konfirmasjon. Men då Tomter, musikar-kona og to av musikar-barna likevel stod på gjestelista, fekk konfirmanten si mor, Tone Merete Notøy ein idé. Kvifor ikkje arrangere ein konfirmantkonsert?

Lund Tomter-familien tende på ideen, og fekk med seg pianisten Christian Ihle Hadland og bratsjist Agnes Elizabeth Pavelich. Konserten skulle vere primært for barn og unge med foreldre, men også for alle andre som set pris på god, klassisk musikk.

Sjå og høyr Lars Anders Tomter spele i Herøy kyrkje (video: privat)

– Kjendest meiningsfullt

Fredag gjekk konserten av stabelen i Herøy kyrkje. Ute var det sol på nær skyfri himmel, og såleis vart det kanskje med ein humoristisk undertone at Lars Anders Tomter innleia konserten med å seie:

– Kjære konfirmantar ...

Klientellet bestod nemleg først og fremst av tilhøyrarar frå den eldre garde. Men det gjorde ikkje noko, meiner Tomter, for dei som kom var eit ypparleg publikum.

– Der er ein heilt eigen atmosfære i Herøy kyrkje, og vi hadde eit lyttande og responderande publikum. Det kjendest meiningsfullt, seier han.

Autentisk på Runde

Laurdag var musikar-gjestane turistar på Runde.

– Vi såg fuglefjellet og var ute og fiska. Vi hadde ein fantastisk båttur rundt øya, og fekk sjå både havørn og lundefugl, seier Lars Anders Tomter.

Dessutan fekk han fiske, noko han hadde gledd seg lenge til.

– Vi var langt ute på havet. Eg er ein fiskeentusiast, men har sjeldan moglegheita, og eg bruker ikkje å få fisk. Denne gongen fekk eg faktisk fleire store hyser. Det gjorde heile familien. Det var stas. Eg sløya og kokte fisken sjølv, seier Tomter.

Kjem gjerne tilbake

På spørsmål om kva familien likte best med turen, svarer Lars Anders Tomter:

– Heilskapen. Å få spele saman med familien og Christian, som etter mi meining er ein av verdas beste pianistar, for eit lyttande publikum, var flott. Men det var også veldig fint å vere med Tone Merete og Andreas. Og så var det naturopplevinga. Alt kvar for seg var strålande. Summen er heilt fantastisk.