Tysdagens sakliste til Herøy formannskap hadde rådmannen eit forslag om å lånefinansiere kommunal opparbeiding av Marine Harvest sitt industriområde på Eggesbønes.

Kommunen har frå før regulert ei større utviding av industriområdet, og vil no ta på seg ei delvis utbygging av det nye området. I den samanheng er det framforhandla ein intensjonsavtale som rådmannen vil ha politisk samtykke til.

Opparbeidinga er kostnadsrekna til ti millionar kroner. Marine Harvest forpliktar seg til å betale tilbake alle kostnader som kommunen får på utbygginga med ei nedbetalingstid på femten år.

Rådmannen vurderer det som strategisk viktig å få avtalen godkjend, og med det signalisere overfor Marine Harvest at kommunen ønskjer ei offensiv næringsutvikling rundt bedrifta i Herøy.