Slik konkluderer kommunalsjef Jarl Martin Møller i samband med revideringa av brannordninga til Herøy kommune. Bortsett frå flytting av tankbilen frå Myrvåg til Fosnavåg, er det ikkje store skilnader mellom dagens brannordning og forslaget til den reviderte.

Innsparinga på å legge ned brannstasjonen i Myrvåg er rekna til knapt 840.000 kroner i året, og utgjer ein vesentleg del av den pålagde innsparinga av sektor Samfunn sine driftskostnader. Nedlegginga er tilrådd av fagkomiteen overfor formannskapet som tysdag 15. mai skal ta stilling til sektorane sine kuttforslag som utgjer til saman om lag 12 millionar kroner.

Dyr brannordning

Kommunalsjefen viser til at kostnadene med dagens brannordning er vesentleg høgare i Herøy enn i samanliknbare kommunar. Samanlikningstala mellom kommunane viser at i 2016 brukte Herøy mest av alle samanlikningskommunane, og fire millionar kroner meir enn snittet i den aktuelle kommunegruppa på brann. Brannutgiftene per innbyggar var på 1148 kroner i Herøy, eller 400 kroner meir enn snittet.

Tankbilen som i dag er plassert i Myrvåg har som funksjon å levere vatn til hovudbrannbil når det er behov for større vassmengder.

Kommunalsjefen viser til at beredskapen i vassforsyninga i Myrvåg/Leikongområdet er vesentleg betre i dag enn det som låg til grunn for den gjeldande brannordninga. I tillegg er det etablert kompenserande tiltak både ved sjukeheimen og dei to kyrkjene i indre.

Samarbeid om brann

Eit anna grunnlag for den reviderte brannordninga, er dei felles avtalane om bistand som Herøy har etablert med Ulstein og Sande. Kommunalsjefen ser på Ulstein som ein naturleg samarbeidspartnar til beredskapen i Myrvåg/Leikongområdet, medan Sande har ansvar for å rykke ut i resten av indre.

Møller understrekar elles at nye alarmeringsrutinar har medført at ein raskast mogleg får fram naudsynte ressursar der dei trengst. Uavhengig av kommunegrenser er det alltid den næraste eininga som vil bli utalarmert ved alvorlege hendingar.

Møller konkludere med at nytt naudnett og betre vassforsyning gir grunnlag for at Herøy kan greie seg med ein brannstasjon i Fosnavåg.

EIN ER NOK: Ein brannstasjon i Herøy er nok, meiner kommunalsjef Jarl Martin Møller. Foto: Arkiv