– Det at vi no lanserer eAvis er fyrst og fremst ei gladnyheit fordi alle no kan lese avisa heilt fersk, i eit samla abonnementstilbod, seier redaktør Endre Vorren.

Heilt enkelt betyr lanseringa av eAvis at papiravisa til vestlandsnytt blir tilgjengeleg digitalt med ein gong ho går i trykken. Abonnentar vil altså kunne logge seg inn på Vestlandsnytt.no og lese avisa allereie måndag og torsdag kveld.

Instruksjonsvideoar:

Opprett brukar: http://bit.ly/opprettbruker

Gløymt passord: http://bit.ly/glemtpassord

Irriterande med pluss?

Slett ikkje! Abonnerer du på papiravisa, har du automatisk tilgang på alt digitalt innhald – både til PLUSS-saker i nettavisa og e-avis. Alt du treng å gjere er å logge inn. Du kan også dele tilgangen med inntil to familiemedlemer.

Problem med å logge inn?

Har du problem med å logge inn? Det kan hende vi ikkje har registrert e-postadressa di. Ta kontakt med abonnementsavdelinga på telefon: 918 43 750 . Eller send ein e-post til abonnement@vestlandsnytt.no, så ordnar vi tilgang for deg.

Fordelar med å bruke pluss

- Du får dei ferskaste nyheitene først

- Du får gjerne tilgang på fleire bilde, video, og til tider meir utfyllande saker enn i papiravisa.

Ikkje abonnent?

Du kan teikne eit reint digitalt abonnement til redusert pris.

Slik får du tilgang

For å få tilgang til eAvis og Pluss må ein opprette brukar i noko som heiter SPiD. Dette kan ein opprette med å gå inn på «les eAvis» på Vestlandsnytt.no.

Brukarnamn er e-post-adressa til kunden. Passord bestemmer de sjølve. For å få tilgang er det viktig at avisa får opplyst e-post-adressene dykkar. For å gjere dette kan de ringe kundeservice på tlf. 700 84 400 og trykke på innvalsnummeret for «abonnement». Ein kan også sende ein e-post til abonnement@vestlandsnytt.no. I begge tilfelle er det viktig at kunden opplyser om kven abonnementet står på, e-post-adresse og gjerne mobilnummer.

Tolmodige abonnentar

Vorren trekkjer spesielt fram lesarar som ikkje bur på Nordvestlandet, som vinnarar.

– Vi er svært imponerte over utflyttarar som har vore lojale kundar av avisa sjølv om det betyr at fredagsavisene må lesast når tysdagsavisa allereie er laga. Eg håpar desse trufaste lesarane no vil få endå større glede av avisa, og trur det utvida tilbodet vil gje oss endå fleire abonnentar, seier Vorren.

Endre Vorren: Redaktøren i Vestlandsnytt håpar folk kan ha glede av å lese papiravisa digitalt og trur folk flest forstår at Vestlandsnytt heller ikkje kan drive «gratisavis» på nett. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik