No kjem Fødebilen!

– Eg har utvida programmet, men berre fordi eg er i Fosnavåg. Då skal det vere litt meir personleg.

Det er ein av dei mest gripande og kraftfulle fødslane eg har vore med på

Nyhende

Fødselsfotograf Eva Furmyr ser fram til å parkere Fødebilen i heimbyen. Der skal ho både halde føredrag på konserthuset og fotoutstilling i Herøy kameraklubb sine lokale, nokre meter unna.

Fødebilen Norge rundt

Eva Rose er i desse dagar på noregsturné med det ho kallar «Fødebilen». I den har ho med seg massevis av fødselsbilde, som ho gir vekk til sjukehus og helsestasjonar over heile landet. Til helga går turen til Fosnavåg.


Filmpremiere på konserthuset

Då Vestlandsnytt snakkar med Eva Rose onsdag føremiddag er ho og venninna, Trine Dahlman, i full sving med å redigere ein fødselsfilm på 10–15 minutt.

– Den vert lansert i Fosnavåg. Filmen er frå den siste fødselen eg var på i Oslo før eg drog. Det er ein av dei mest gripande og kraftfulle fødslane eg har vore med på, seier Eva Rose.

Jobb, fødsel og campingliv

Filmen er elles berre ein liten del av det om lag 1,5 timar lange programmet på konserthuset.

– Eg kjem til å snakke om fødsel, jobben min, denne reisa, men også om campinglivet, seier Eva Rose.

Ho understrekar at føredraget slett ikkje berre passar for gravide kvinner.

– Det er like mykje for dei som har fødd, dei som har lyst til å føde, dei som synest tematikken er spennande, og folk som jobbar i fødselsomsorg, seier Eva, som får støtte av Olympic kulturfond til å halde det aktuelle føredraget.

Kanskje kan også ein blivande pappa ha god nytte av Eva Rose sin kunnskap?

Stiller ut i bestefaren sine lokale

Då Endre Igesund i Herøy kameraklubb fekk vite at Eva Rose skulle heim til Fosnavåg, inviterte han henne til å halde utstilling i kameraklubben sine lokale i Vågsgata.

– Vi held til i Fotograf Furmyr sine gamle lokale. Han var Eva Rose sin bestefar, seier Igesund.

Utstillinga held ope søndag, måndag og tysdag. Totalt 25 fødselsbilde vert synte fram.