Ein lyskastar lyser opp nattehimmelen over Herøy kulturhus onsdag kveld. Ute har påskenatta banka på, men inne er det ingen som har planar om å sove med det fyrste. Eit hav av dataskjermar, blinkande fargelys og ivrige folk møter oss i det vi kjem inn døra til Herøyhallen. Startskotet for påskas store dataarrangement har nett gått. Det er tid for HerøyLAN.

Sosialt

– Det er utruleg sosialt. Mange av vennane mine er her både frå fotballaget og frå skulen, fortel Oskar Eide Storøy (14) til Vestlandsnytt.

Blikket hans er festa til dataskjermen som står planta mellom energidrikkar, godteri og frukt. Han spelar fotballspelet FIFA.

– Men dette handlar ikkje berre om å spele, skyt han inn og kastar eit blikk utover forsamlinga.

– Her er noko for alle sjølv om du ikkje vil spele data, forklarar han og viser til fleire aktivitetar på arrangementet.

Ikkje berre dataspel

Tilsynelatande ser det heile ut som eit rent spelemaraton, 5 dagar til ende, noko det på sett og vis er. Men etter ein tur rundt i lokala er det ikkje heilt det inntrykket ein sit att med.

På den andre sida av hallen kan vi høyre heiing og latter.

To personar iført store luftballar krasjar hardt i kvarandre slik at den eine flyg salto bortover golvet.

– Det er berre så digg å få ut litt energi med å krasje i kvarandre, seier ein av ungdommane som held på før vedkomande nok ein gong blir puffa i bakken.

Heldigvis kan vi på sidelinja av bana sjå kasser med isposar og fyrstehjelpskyndig personell som vakar over ungdomane i det dei hoppar inn i kvarandre.

– HerøyLAN har gode rutinar når det kjem til sikkerheit. Vi har vakter frå Røde Kors, vi har god dialog med alle naudetatar og har også helsesyster med på laget, forsikrar styreleiaren, Carl-Henrik Myrseth Moltumyr, oss om.

Inne i kultursalen er det heller ikkje fritt for HMS-krevjande aktivitetar, men med strenge tryggleiksreglar ser også dette ut til å gå knirkefritt i det ungdommen set i gong med å skyte kvarandre med paintballgevær.

– Eit fantastisk crew

Dei som skal ha takk for at ting ser ut til å gå velsmurt er crewet som består av 60 frivillige, ifølgje Moltumyr og nestleiar Kristoffer Moldskred.

– Dei legg ned ein heilt enorm innsats og det er takka vere dei vi kan ha eit slikt arrangement, fortel Moldskred.

Skrytepreika frå dei to veteranane som har vore med sidan HerøyLAN byrja, berre held fram.

– Dei får faktisk verdifull arbeidserfaring også i form av at dei ser korleis ei bedrift blir driven, forklarar Moltumyr, og legg til:

– Held vi fram slik blir kulturhuset fort lite, smiler Moltumyr.

Det dei refererer til er årets deltakartal som allereie har sett rekord med sine nær 150 påmelde og mange dagbesøkande.

– Gir energi

For både Moldskred og Moltumyr er det all ungdommen som deltek som gjer det verdt å bruke alle feriedagane sine for å stelle i stand eit slik arrangement.

– Det gir enorm motivasjon å høyre på alle dei positive tilbakemeldingane vi får frå både dei deltakande, crewet og foreldre, fortel dei to.

Ein knirkefri suksess

Ved arrangement-slutt summerer styret og crewet opp med å kalle påskas HerøyLAN for ein knirkefri suksess.