Dama som har vore sakna sidan i går er funne av ein frivillig. Ho framstår i god form og blir tatt hand om av helsepersonell. Søket er avslutta, melder politiet på sin twitterkonto.

Kvinna blei funnen i terrenget i nærleiken av Gursken kyrkje.

Omfattande leiteaksjon

Ved midnatt søndag kveld melde politiet at dei leita etter ei 84 år gammel dame. Ho skal ha vore borte frå heimen sidan i søndag føremiddag. Dama var observert om lag 1 km sør for Gjøneset, langs vegen - retning Haugsbygda - rundt kl 16:30. Siste observasjon av kvinna var i Haugsbygda rundt klokka 17.30. Ut på kvelden blei det sett i gong søk etter den sakna.

Det var eit stort apparat med folk i sving. Politiet, Røde Kors, Sivilforsvaret, Norske redningshunder og frivillige deltok. Redningshelikopter var også med i søket natt til måndag.

Etter nokre timars pause var søket i gang igjen, måndag morgon klokka 8. Bilvegen rundt heile Gurskøya blei søkt. Det same blei terrenget mellom Haugsbygda og over til Gjerdsvika. Det blei gjort søk i både hus, løer, naust og uthus. Rundt klokka 12 melde politiet at kvinna var funnen av ein frivillig.