Kulturskulen med fokus på at ungdom er bra nok

Set opp eigen musikal!

Førstkomande fredag er elevar ved Herøy Kulturskule klare for å framføre både teater, musikk og dans for å setje fokus på psykisk helse. Stykket «We are young» er inspirert av ungdommane sine eigne tankar om kva som er utfordringa med å vere ung i Herøy i dag.

På scena: I kveld kan du sjå denne gjengen i musikalen «We Are Young» på Herøy kulturhus. Foto: Melissa Kvalsund Nerland  Foto: Melissa Kvalsund Nerland

Dei sit med mykje av fasiten på kva som kan gjere kvardagen deira betre.

Melissa Kvalsund Nerland
På scena
  • Musikk av: Sjøverk, Una Myren, Inger Lise Kalland, Anny-Oline Hjelmeseth
  • Skodespelarar: Sofie Frantsen, Eric Skorpen Kleppe, Julia Sævik, Pia Bøe, Jenny Nerem Reite, Aksel Brandlistuen, Sarah Larsen Nerlid, Alaric Brandlistuen
  • Dansarar: Emilia Moen Karlsen, Maria Isabell Sævik, Julie Moen Haraldsson
Nyhende

Det starta tidleg i haust. Eit brennande ønske om å setje meir fokus på at ungdom faktisk er bra nok slik dei er. I lys av resultata frå Ungdata-undersøkinga, som viser fleire faretruande signal om at ungdom i Herøy kjenner mykje på einsemd, bestemte dramalærar Melissa Kvalsund Nerland seg for at ungdomane skulle få setje opp ein musikal om emnet. Heile hausten og vinteren har dei sjølve vore med på å laga manuset, og dei har vore med heile vegen til eit ferdigstilt prosjekt. Tilhøyret, presset til å prestere og saknet etter å vere god nok er noko av det stykket handlar om.

– Eg meiner det er viktig å lytte til ungdomen vår. Dei har så mykje på hjartet, og dei sit med mykje av fasiten på kva som kan gjere kvardagen deira betre. Både eg sjølv og ungdomane kjenner til andre unge som slit psykisk, og derfor er det så viktig at vi gjer denne musikalen no. Det må verte meir fokus på dette emnet, seier Kvalsund Nerland.


Har øva lenge

Laurdag og søndag hadde dei øvingshelg på Herøy Kulturhus. Festsalen osar av spenning, kostymeprøver, sminke og samhald. Det er ein god gjeng med ungdomar som samlast.

Elevar frå både drama og teater, song, musikk og dans skal briljere med sine ferdigheiter når stykket har premiere på fredag. Under regi av Kvalsund Nerland er dei rusta til å vise fram det dei har jobba med i fleire månadar.

Sjøverk spelar

Etter kvart vart det aktuelt å ha med elevar frå song, musikk og dans. Dei får den fantastiske jobben med å supplere skodespelarane med stemning og kjensler. Dei har òg leigd inn bandet ungdomsbandet Sjøverk til å spele mykje av musikken. Det kan verte sterk kost for publikum når ungdomane viser fram glimt av dei meiner er utfordringa med å vere ung i Herøy i dag.

– Det vert både fint og sterkt for publikum, trur eg. Vi satsar høgt, og har leigt inn profesjo-

nelle til å hjelpe oss med lyd og lys. Vi vil derfor også takke Olympic Kulturfond for økonomisk støtte til dette prosjektet, dei gir ein unik sjanse til oss som vil prøve på noko nytt, seier Nerland takksam.


Musikal er ikkje vanleg kost i Herøy Kulturskule, men dei håpar dette gir meirsmak både for publikum og deltakarar. Kanskje kan dette verte ein årleg «happening»?