Kveita skal under lupa

Gjerdsvik-selskapet er med på ei pilotsatsing der Forskningsrådet stiller opp med millionstøtte.

Sande Seafarm Productions: Selskapet held til her ved sjøkanten på Stokset i Gjerdsvika. I mange år har brørne Stokseth drive selskapet på fritida, men dei siste åra har dei fått sitt verkelege gjennombrot, både produksjonsmessig og økonomisk.   Foto: Endre Vorren

Nyhende

Sande Seafarm Production AS i Gjerdsvika, som gjennom ei årrekkje har jobba med og etterkvart fått eit gjennombrot med satsinga si på kveiteyngel, er med på pilotprosjektet.

– Dette er eit prosjekt vi har jobba med sidan i haust, og det er klart at det er gledeleg å få gjennomslag for ei slik løyving gjennom Forskningsrådet.

Det seier dagleg leiar Bjørn Ove Stokseth i Sande Seafarm Production AS til Vestlandsnytt.

Han legg til:

– Det er svært viktig å få meir fokus på denne næringa og detaljane rundt produksjonsoptimalisering. Her er vi fleire deltakarar med, som alle har til felles at vi jobbar med ulike problemstillingar innan same bransjen. For oss er det første gongen vi involverer oss i dene type samarbeidsprosjekt. Det er også på sin plass, for det har vore altfor lite fokus på dei utfordringane som finst når det gjeld kveiteoppdrett.

Sunnmørsposten melde denne veka at selskapet Nordic Halibut står bak saman med Sande Seafarm og eit anna selskap som driv med yngelproduksjon, Sogn Aqua Juvenile. Med er også Cryogenetics på Hamar.

Ein har også samarbeid med Nofima på Sunndalsøra, Cigene på Ås, Universitetet Nord og NTNU. Forskningsrådet har løyvd 12,1 mill. kr til satsinga, som skal syte for at prosessen frå yngel til slakting skal optimaliserast. Prosjektet skal gå over fire år og har ei samla kostnadsramme på 30 mill. kr.

Tre brør står bak

Tre brør eig selskapet i Gjerdsvika: Bjørn Ove (42,5 %), Leif Ole (42,5 %) og Arild Stokseth (15 %). Siste åra har det gått veldig bra, og i 2016 fekk selskapet eit økonomisk gjennombrot, etter mange år med prøving og feiling.

Selskapet selde i 2016 for 7,4 mill. kr, nesten tre gongar meir enn i 2015. Overskotet før skatt vart 3,6 mill. kr, heitte det i ein reportasje i nett.no i fjor. Same nettstad opplyste at produksjonen fram til 2015 var eit fritidsprosjekt. I løpet av 2016 tok brørne seg råd til å få tre personar på lønningslista.

Medrekna arbeidsinnsatsen anslo Stokseth overfor nett.no at dei har investert 20-25 mill. kr i anlegg og produksjon opp gjennom åra.På Stokset hentar dei vatn frå 150 meters djup, filtrerer og rensar det i eit eigenutvikla anlegg før vatnet blir brukt i produksjonen.