Desse små krabatane på rundt 30 cm vender no tilbake til fjellet etter ein lang og kald vinter ute på ope hav.

Magi på Runde

I sommarhalvåret, her ute blant stupbratte klippar og bølgande hav, byr fugleøya Runde på eit yrande fugleliv.

Fjellet verkar nesten som ein magnet for nokre menneske, og fotografar og fuglekikarar frå nært og fjernt blir dregne hit. Hovudattraksjonen er den ikkje reint lite sjarmerande lunden, også kalla sjøpapegøye.

Sjølv om fuglefjellet vårt er relativt lite, er det spesielt ved at det er det sørlegaste i Skandinavia, i tillegg til at det har størst artsrikdom av sjøfugl i Noreg. Lunden har hatt ein kraftig tilbakegong på grunn av mangel på mat, men no kan det sjå ut til at bestanden har begynt å stabilisere seg på rundt 50 000 hekkande par.

På seine sommarkveldar kan du oppleve lundefuglen sverme om du tek turen til lundeura. Då returnerer godt over 100 000 av dei tilbake frå fiske, og tilskodarane får ei magisk oppleving.

Eg anbefaler å møte opp tidleg, då det kan bli heller folksamt i sesongen. Dei små fuglane er svært nærgåande og landar ofte innan eit par meter frå turistane. Dette gjer dei til eit yndig fotomotiv då dei er svært lette å fotografere utan svært kostbart utstyr.

Å fotografere dei når dei er på vengane derimot, det kan raskt ta heile kvelden. Fuglen kjem flygande lynraskt og er ute av syne omtrent før du får retta kamera i riktig retning.

Robuste små fuglar

Desse små fuglane ser skjøre ut, men dei held heile vinteren til ute på Norskehavet.

Der ute, blant stormande bølger, dykkar dei etter fisk ned til over heile 60 meters djupner. Når dei er på hekkestadar og skal ut å fiske held dei seg ofte innan ei mil frå kolonien, men den norske bestanden er blitt registrert på jakt godt over 10 mil vekk heimanfrå ved fleire anledningar.

Fuglen har taggar i overnebbet som han set fisken fast i ved hjelp av tunga. Dette gjer at han kan samle saman fleire fiskar på eit dykk. Når det ikkje er ungar som må matast, svelgjer fuglen stort sett maten under vatnet.