På starten av året spelar det seg ut store hendingar på havbotnen langs norskekysten. Hendingar som få kjenner til.

– Etter å ha vore inaktive sidan seinsommaren har voksen sil eller tobis vore nedgraven sanden. Like før jul vaknar dei til liv og kjem opp for å gyte. Det ser vi ettersom fiskemagar er fulle med den vesle fiskearten, fortel marinbiologen Roger Kvalsund mens han kikar ut på det store havet.

Vi er på Runde miljøsenter der Kvalsund og dagleg leiar for senteret, Nils Roar Hareide, har invitert Vestlandsnytt til å lære om kva som går føre seg på havbotnen for tida.

– I slutten av januar, når gytinga er ferdig, grev han seg ned igjen og kjem ikkje opp før planktonet florerer seinare på våren, forklarar Hareide.

Viktig føde

Tobis er ein fisk som er svært rik på næring. Derfor spelar han ei rolle som viktig føde for både torsk, sei og sjøfugl, spesielt i tida før silda kjem sørover.

– Sil er faktisk ein av dei viktigaste fødeartane for dei fleste sjøfuglane i Noreg, forklarar Hareide.

I tilleg fiskast det mykje Tobis i Nordsjøen. Denne vert brukt til olje- og mjølproduksjon.

For dei som kjenner fiskens opphaldsstadar, kan det også bidra til betre fiskelykke.

– Det er eit viktig matfat for anna fisk. Veit ein kvar matfatet er, ja då veit ein også kvar fisken er, forklarer Kvalsund.

Hareide legg til at at Hans Strøm i boka Sønmøres Beskrivelse (1762) skriv at den som visste kvar silstøene var, ville vere godt rusta for ein fisketur.

Men, vi veit lite om han

Sjølv om tobis/sil spelar ein vital del i økosystemet vårt, er ikkje biologien og bestanden kartlagt langs norskekysten.

– Men dette skal vi gjere noko med. Vi har no starta med forsking på sil i området, fortel Hareide.

Nede på eit av laboratoria på Runde Miljøsenter blir vi vist rundt av Kvalsund. Han fekk nyleg inn 160 ferske tobis levert av snurrevadbåtar.

– Med desse skal eg produsere data om kor stor, lang og tung han er. Eg skal så kartlegge kondisjonen og alderen til fisken.

Det sistnemnde, alderen, er eit interessant studium i seg sjølv forklarar Kvalsund.

– For å finne alderen på fisken ser eg på det vi kallar for øyresteinen.

Litt forenkla er ein øyrestein ein liten beinstruktur inne i hovudet til fisken som hjelper fisken med å orientere seg. Grunnen til at den er eit fint mål på alder er at han har svarte årringar som representerer kor mange vintrar som tobisen har eksistert.

– Det er ikkje alltid like enkelt å sjå. Vi brukar mikroskop for å sjå det. Prinsippet er det same hos fleire typar fisk, forklarer Kvalsund engasjert.

Viktig kunnskap

Grunnen til at det vert forska på dette er fordi ein skal få meir kunnskap om matfatet til fisk og fugleartar langs norskekysten.

I tillegg har miljøsenteret sendt genetikk-prøver til DTU Aqua i Danmark.

– Vi vil med dette prøve å forstå om bestanden lokalt har slektskap til den bestanden som det til dømes blir fiska på lenger sør forklarer, Hareide.

– Dette kan gi kunnskap om rekruttering og larvedrift held han fram.

Til slutt, trekker dei to marinbiologane fram ein siste faktor for viktigheita av forsking på tobis.

– Kunnskapen vil kanskje også gi oss svar på kvifor vi ser ein dramatisk nedgang i sjøfuglbestanden både på Runde og i resten av Nord- Atlanteren, avsluttar dei to.