INNSENDT: Lokale krefter som Laila Fjørtoft Sandanger og Småtroll vil bidra med dei klassiske julesongane. Og konferansier er gurskingen Jan Åge Fjørtoft.

Og sist men så absolutt ikkje minst får vi besøk av operasongaren Magne Fremmerlid. Han er ettertrakta i inn- og utland.

Vi har teke ein prat med mannen med den vakre stemma frå Skodje.

Beste juleminne

– Det å feire jul med heile storfamilien på Skodje, onkel Bernt som julenisse og den gode stemninga. Det var ikkje slik overflod med gåver, men mamma sin mat var alltid topp klasse. Også gode minner frå juledagsgudsteneste i kyrkja på Skodje der vi spelte julesongar med skulekorpset.

Typisk for jul på Sunnmøre

– Det må sjølvsagt vere ribbe. Det vil seie pinnekjøt. Hos oss var det ribbe og svineribbe, og det einaste pappa bidrog med på kjøkkenet var å lage bjørkepinnar til å dampe ribba på. Ellers gode minner frå alle juletrefestane. Alle lag og foreiningar hadde det.

Favorittjulesong

«Mitt hjerte alltid vanker.»

– Det var bestefar sin song, mamma sin song og har og vorte min song. Fantastisk tekst og nydeleg melodi, sjølv om melodien egentleg er svensk. Laila hadde diverre tinga på den, men eg gled meg til å høyre songen.

Det å kome til Gursken

– Eg gGler meg til å kome til vakre Gursken kyrkje. Eg var der for eit par år siden i høve jubileum i kyrkja. Flott å synge der og eg har etterkvart fått mange gode vener på søre Sunnmøre etter mange år med konsertar i området.

København

Eg kjem rett frå København der eg har øvd på Händels «Messias»som eg skal vere solist i på laurdag og søndag i den vakre Marmorkyrkja. I tillegg til konserten i Gursken eit av årets høgdepunkt.

Heim til jul

– Sjølv om det er meir en 40 år sidan eg flytta frå Sunnmøre så er det noko heilt eige å kome «heim» til jul. Eg har i over 20 år hatt eigne julekonsertar i Skodje og Spjelkavik før jul og det vert ikkje jul utan desse. Eg har og totalrenovert huset som besteforeldra mine budde i i min barndom. Eg finn ei eiga ro der.

Velkomne til julefest!

Arrangørane