Iryna Jensen, herøykvinna som kom frå Ukraina for 14 år sidan, er samtalegjest. Ho har familie, slekt og venner i dei krigsherja områda og er sterkt bekymra for det som skjer i heimlandet hennar. Ho har også engasjert seg for dei ukrainske flyktningane som no kjem til Norge.

Kjetil Haanes leier samtalen. Han er styreleiar i Amnesty Norge, han er sterkt engasjert i det som skjer i Ukraina og møtte nyleg Amnesty International sin Ukraina-sjef. Han har også hatt nær kontakt med Leger utan grenser som gjer ein viktig jobb i Ukraina.

Kjetil Haanes skal leie samtalen. Foto: privat

Dei musikalske innslaga i kveldsmessa vert med Anastas «Nasco» Todorov Nikolaev på akkordeon og Dag Johan Flattun på orgel. Alette Teige leier kveldsmessa saman med liturg Solfrid Leinebø Seljås.