– Det er veldig positivt at vi kan samarbeide om slike prosjekt. Instrumenta har allereie kome til nytte og er til stor glede for korpsa, seier Lev Aarflot frå Herøy Janitsjar.

Saman med Herøy Brass tok desse to vaksenkorpsa initiativ til å samle inn nok midlar til å kunne kjøpe fire nye paukar og ein vibrafon, som skal kunne nyttast av både alle korpsa, kulturskulen og kulturlivet elles i kommunen.

Midlar gjennom både spleis og sponsing

– Vi vart merksame på noko som heiter kulturrom, som er ein tilskotsordning som støttar utstyr og øvingslokale til framføring av musikk, dans og teater over heile landet. Her fekk vi innvilga søknad, og fekk 79.000, til kjøp av paukar. Elles har fleire organisasjonar og bankar i Herøy bidrege med ein stor sum, samt at det vart oppretta ein spleis så private kunne bidra. Til saman blei dei samla inn om lag 220.000 kroner, fortel Aarflot vidare.

Her er bidraga som har kom inn

* Polar Seafrozen: 10 000 kroner

* Havila: 25 000 kroner

* Sparebank 1: 40 000 kroner

* Sparebanken Møre: 50 000 kroner

* Innsamla frå private via spleis.no 8600 kroner

* Kulturrom: 79 000 kroner

Under inspirasjonshelga som Herøy Janitsjar arrangerte saman med fleire lokale skulekorps førre helg, blei dei nye melodiske slagverka tekne i bruk. Her inviterte korpsa inn til eit uformelt sponsortreff, for å takke dei som har gjort det mogleg å kjøpe instrumenta.

Her frå inspirasjonshelg med Herøy janitsjar og skulekorps førre helg, kor det blei arrangert sponsortreff. F.v.: Jon Arne Rødskar (Herøy janitsjar, Endre Petter Leine, Henning Karlsen (Sparebank 1), Ramona Brandlistuen Remøy (Herøy Janitsjar) og Arild Storvik (Herøy Brass). Borna er Amund Saure Sæter, Dan André Håheim, Torbjørn Taklo, Nikolai Pilskog og Daniel Berge. Foto: Monicha Lindholt Hagemann

Viktig med perkusjon

– Vi hadde aldri klart å kome i mål med dette store prosjektet utan støtta frå alle som har sponsa og vi er svært takksame for dette. Noko som også bør nemnast er at vi kjøpte paukane og vibrafonen hjå Pro-Perc / Musikk-Miljø i Bergen. Dei har vore fantastisk flinke med å gi råd til kva ein bør legge vekt på når ein kjøper slikt utstyr, seier Arild Storvik frå Herøy Brass.

Ramona Brandlistuen Remøy frå Herøy janitsjar seier at det er viktig for yngre slagverkarar å få opplæring i melodisk slagverk.

– Eg veit ikkje om folk tenkjer over kor viktig perkusjonsbiten er for lydbildet for korpsmusikken. Slagverksavdelinga består av så mykje meir enn trommesett.

Ho fortel at det er det ein kallar perkusjon eller perkusjonsinstrument. Som diverse typar trommer, små rytmeinstrument og ikkje minst melodisk slagverk som paukar, klokkespel, vibrafon, xylofon og chimes.

– Desse instrumenta er viktige for å få fram «stemninga» i musikken. Paukar er til dømes eit av dei eldste instrumenta vi har, og i symfoniorkester er paukar det viktigaste slagverksinstrumentet. Vi vonar at det blir auka motivasjon for å tileigne seg kunnskap om melodisk slagverk for nye musikantar no når vi har fått desse i hus, avsluttar Brandlistuen Remøy.