Ut gjekk Dale, inn kom Hareide:

Klima viktigast for Hareide i samferdselspolitikken

Etter seks år med Frp-styre i samferdselsdepartementet, tek syklisten Knut Arild Hareide (KrF) over. Han varslar sterk satsing på klima og mjuke trafikantar.

Mjuk mann: Knut Arild Hareide vil ta vare på dei mjuke trafikantane.   Foto: Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix / NPK

New Articles

– Dette er den sektoren som skal ta dei største utsleppsreduksjonane. Vi har ei klimakrise i verda vår. Vi er nøydde til å levere. Det blir den viktigaste oppgåva mi når eg får hovudansvaret i dette departementet, sa Hareide då han fredag overtok som samferdselsminister.