Framleis inga løysing for nye kystruteskip

Om vel elleve månader skal Havila Kystruten starte trafikken mellom Bergen og Kirkenes. Men framleis ligg to halvferdige skrog i Spania.

Havila Kystruten:  Foto: Havila

New Articles

Skipa skulle etter planen gå mellom Bergen og Kirkenes frå 1. januar 2021 i konkurranse med Hurtigruten.

I november kansellerte det spanske verftet ordren på dei to skipa. Sidan august har arbeidet ved verftet stått heilt stille, ifølgje Sysla. Verftet har store økonomiske problem og 1.300 tilsette har vore permitterte sidan august.

I desember opplyste Havila Kystruten at dei var på utkikk etter nye verft som kunne ta over bygginga. Då rekna dei med avklaring før nyttår. Det skjedde ikkje. Per Sævik seier til Teknisk Ukeblad at dei framleis er i samtalar med det spanske verftet. Han oppgir òg at dei jobbar på spreng for å få på plass nye kontraktar for bygging av to av dei fire nye kystruteskipa

– Vi diskuterer framleis med Barreras, men har samtidig diskusjon med eit par andre. Vi håper på ei avklaring innan to–tre veker, seier Sævik til Teknisk Ukeblad.

Havila byggjer dei to andre skipa ved verftet Tersan i Tyrkia.

Havila Kystruten vann i april 2018 eitt av tre anbod på kystruta Bergen–Kirkenes med Samferdselsdepartementet med oppstart 1. januar 2021. Havila Kystruten skal segle med fire skip på Bergen–Kirkenes frå 1. januar 2021, men Hurtigruten skal segle med seks skip.

(©NPK)