Det nye kommunestyret i Herøy er klart

Onsdag morgon er endeleg lista over representantane som er valt inn til kommunestyret i Herøy klar.

HERØY RÅDHUS:   Foto: Stian Langlo Driveklepp

New Articles

Som vanleg er det nokre endringar på lista samanlikna med partia sin opprinnelege nominasjonslister.

Vi merkar oss at Svein Gjelseth gjer eit stort opp på Ap si liste. Han går frå 39. plass (sisteplass) og heile vegen opp til 5. plass, og er inne mellom Arbeidarpartiet sine sju representantar.

Hos KrF klatrar både Linn-Therese Sævik og Marvin Kopperstad inn mellom dei seks som er valde inn i kommunestyret.

Spenning var det også knytt til Folkelista si urangerte liste. Vi ser at det er Kaja Runde, Eilert Geir Kvalsvik og rutinerte Kjell Runde som får plass, saman med ordførarkandidat Bjarne Kvalsvik.

Kvalsvik på slengar-toppen

Nettopp Bjarne Kvalsvik er den store vinnaren blant folket. Kvalsvik får heile 247 slengarar, i tillegg til 296 personstemmer.

Ingen er i nærleiken av å matche Kvalsvik, men Camilla Storøy (KrF) er nærmast med sine 90 slengarar. Deretter følger Richard Gjerde (også KrF, 76), Bjørn Prytz (Ap, 74) og Frank Roy Moltu (Sp, 73).

Vil ikkje ha med dei unge

Vi merkar oss også at folket heller vil ha dei rutinerte ringrevane enn dei unge politikarane i kommunestyret. Ser ein vekk frå Karl-Oskar Sævik (Frp) er ingen av dei mange kandidatane under 25 år valt inn.

Folkelista hadde fleire unge på lista, men ingen av dei fekk folket sin tilitt. Hos Arbeidarpartiet falt både Maria Utseth Stave (4. til 9. plass) og Maria-Kristin Kvalsvik (8. til 20. plass) mykje. Filip Frøystad (KrF) gjekk ned frå 6. til 11. plass, og dermed fekk heller ikkje han plass i kommunestyret.

Høgre får rett nok inn Carl-Henrik Myrseth Moltumyr og Marthe Vågsholm Sævik. Dei to er begge i aldersgruppa 25-30, og sistnemnde har allereie ein periode i kommunestyret.

Dette er Herøy kommunestyre 2019-2023:

Høgre:

Ann-Kathrin (Tine) Storøy

Tor Sindre Steinsvik

Lars Ivar Moldskred

Margareth Leinebø

Sigurd Voldsund Nygard

Carl-Henrik Myrseth Moltumyr

Marthe Vågsholm Sævik

Bjørn Otterlei

Torbjørn Anton Hide

Karl Petter Sortehaug

Arbeidarpartiet:

Bjørn-Halvor Prytz

Ingvill-Beate Sævik

Jens Terje Johnsen

Per Kristian Furø

Svein Asbjørn Gjelseth

Sølvi Nerem Berg

Leiv Magnar Aarflot

Kristeleg Folkeparti:

Camilla Lovise Storøy

Richard Klungsøyr Gjerde

Birgitte Sævik Pedersen

Aleksander Zahl Tarberg

Linn-Therese Hansen Sævik

Marvin Kopperstad

Folkelista:

Bjarne Kvalsvik

Kaja Runde

Kjell Alfred Runde

Eilert Geir Kvalsvik

Senterpartiet:

Frank Roy Moltu

Gunn-Lise Voldsund

Sveinung Erntzen

Framstegspartiet:

Karl-Oskar Sævik

Solveig Helen N. Båtsvik

Thor Sigmund Garvik