«In Marin multa latent – i Havet skjules mange ting.

Ja, var det os muligt at se igjennem de dybe vande så som gjennem luften, eller kunde vi tømme havet, som man lader en liden søe eller fiskedam avløbe for at rense den!

Oh! Hvilken utroelig adskillighed af ubekendte og til dels rett græsselige Monstris Marinis ville vi da se vrimle på havbunden!»

Frå «Det første forsøg på Norges naturlige historie» Biskop Erik Pontoppidan 1752

Gjennom ein times djupdykk får tilhøyrarane stifte kjennskap med  eit utval av  dei underlege, trolske og fryktinn-

gytande skapningane vi  må ut i det ville havgapet på Sunnmørskysten for å få auge på.

Slike som Kraken, Draugen, Havbokkjen, Marmælen og  Margygra.

Ispunne vitnesbyrd om truverdige sjøfolk sine møte med desse underlege og mektige skapningane, får publikum óg lære litt av kvart om gamle merke på godt og ringt fiske, og om magi som fremjar lukke eller kan føre til ulukke til havs.

Visste du  til dømes at blodpølse er stormmat? Greit å vite i tilfelle det skulle havne ei slik i nistedåsen neste gong du skal ut i båt!

Segntradisjonane og folketrua om dei løyndomsfulle kreftene tilknytta det blå djupet har vore levande blant kystfolket heilt opp til vår nære fortid. For å rå med naturkreftene har det å kunne lese merka i naturen, veret, vinden og sjøen til alle tider vore livsviktig kunnskap i kystfolket sin kamp for tilveret.

Ein kunnskap vi moderne menneske óg kanskje har noko å lære av?

Kraftfulle historier er det i alle fall,  så velkomen til ein time med garantert sjøgong.

Informasjon om tidspunkt finn du under Arrangement på Herøy Kystmuseum si facebookside eller ved å ta kontakt med museet.