– To utfordingar som mange kommunar har er å vere attraktiv for folk å busette seg i og å halde på kompetansen i kommunen. I Herøy har der vore mange veldig flinke bedrifter. Nokre av dei har slite litt. Her er nok attraktivitet å kome til, men det gjeld å selje det godt, seier statsminister Erna Solberg til Vestlandsnytt.

Det har gått nokre minutt sidan ho klipte snora framfor Herøy Høgre sitt valkampkontor i Fosnavåg sentrum. No sit ho inne i det, med eit stykke marsipankake, med bilde av sitt eige ansikt på toppen, framføre deg. Ved sida av sit den tydeleg nøgde ordførar-

kandidaten, Ann-Kathrin (Tine) Storøy (H).

Statsministeren skrytte av det lokale næringslivet under talen sin før snorklippinga også.

– Herøysamfunnet er eit utruleg verdiskapande samfunn. De ligg på norgestoppen når det gjeld eksportinntekter. Det betyr at de også er med på å finansiere mykje av resten av landet sine aktivitetar.   Det er vi sjølvsagt veldig takksame for, sa ho, og heldt fram:

– Men det eg opplever her er også ein utruleg entreprenørverksemd: Folk som har lyst til å starte, folk som driv, og folk som konkurrerer seg imellom. Slik konkurranse lyfter kanskje alle, både så ein kan få fleire jobbar og større tryggleik.

På spørsmål om kva statsministeren vil råde Herøy Høgre sine politikarar til å fokusere på framover, svarer ho:

– Noko vi er opptekne av å gjennomføre i alle dei kommunane vi har makt i er å jobbe for at heimebuande eldre ikkje skal måtte flytte på sjukeheim for tidleg. Det dreier seg om at ein syter for kvalitet, trivsel og tryggleik for dei heimebuande eldre. Vi veit at der er skifter i livet som gjer at ting kan bli tyngre. Bur du her ute, kan det til dømes vere vanskeleg å få til mobiliteten viss du mister førarkortet og ikkje kan køyre bil sjølv. Eller viss du mister ektefellen og får det einsamt heime. Då er det viktig at vi har ein del fellestiltak som, i samarbeid med lokalt næringsliv, lokale frivillige og kommunen, kan skape møteplassar for trivsel for folk som byrjar å bu åleine eller som har behov for hjelp for å kunne gjere det.

Tine Storøy kommenterer stadfestande.

– Eg er heilt samd i det ho seier. Det er også ein del av det vi har snakka om når vi har laga valkamp-program. Ein skal leve heile livet, og det er det dette handlar om.

Skule og miljø

Statsministeren snakka også om andre tema som opptek «folk flest», nemleg oppvekst, utdanning, og miljøpolitikk. Før opninga av Herøy Høgre-kontoret, vitja ho Troll-Myra barnehage, der ho stod for den offisielle opninga av deira nye uteområde. Og etter Fosnavåg-besøket, skulle ho vidare til Runde, der ho har vore fleire gongar tidlegare, både med mann og barn.

– Runde var ein av dei første turane eg var på saman med mannen min. Vi var på telttur i friluft. Det var sikkert noko ulovleg innmark vi ikkje skulle ha vore på, smiler ho.

No er sjølvsagt føremålet med Runde-besøket noko heilt anna.

– I samband med lokalvalkampen, har eg ein viktig bodskap knytt til Runde og til situasjonen på hava. Den absolutt største delen av Noregs brutto nasjonalprodukt byggjer på aktivitet og næringsaktivitet knytt til havet. Då er det viktig at vi har eit reint hav og at vi tek vare på det. Det vi ser ute på Runde no, med mykje meir plast i fjellet, er eit teikn på vi er inne i ei veldig feil utvikling. Difor er det ein prioritert oppgåve for oss i regjeringa å jobbe aktivt for at hava er reine også i framtida, sånn at vi kan leve av og med sjøen også hundre år fram i tid.

Trist syn på Runde

Etter programmet i Fosnavåg, fekk statsministeren ei kort omvising på Runde miljøsenter, før følget var frakta med to båtar ut til Rundebranden. Der fekk Solberg sjølv sjå eit  grotesk resultat av plast i havet. Ein havsule hang død i fuglefjellet, drept i sitt eige plastrede.

– Verda kan ikkje akseptere at fuglar vert utsette for slikt. Vi må rydde opp. Heile verda må vere med, sa ho til VG etter opplevinga.

Middag på Skotholmen

På kvelden vart følget frakta til Skotholmen, der dei naut ein betre middag. Tine Storøy fortel:

– Vi åt fantastisk mat, og statsmnisteren heidra Arnulf (ordføraren, red. mrk), og takka han av.

Fornøgd ordførarkandidat

Årsaka til at Herøy Høgre inviterte Erna Solberg til Fosnavåg var først og fremst for å opne det nye valkampkotoret deira.

– Det er stort sett berre dei store byane som har eigne partikontor. Men vi tenkte at det kan faktisk Fosnavåg også. Vi har jobba i fleire månadar med å få statsministeren til å kome hit for å opne kontoret - og så hadde vi lyst til å heidre ordføraren, seier Storøy.