For dette er eit typisk innslag frå FrP av godt, gammalt merke, fullt som det er av ord og uttrykk som «vinne NM og VM i klimahysteri», «bitte lille Norge skal redde verden», «radbrekke vårt flotte land» osv.

At Frank Sve trur at naturen og miljøet i Møre og Romsdal «aldri har vore reinare enn akkurat no» er ikkje så tillitsvekkjande av ein fylkesordførarkandidat. Eg vel å tru at han meiner dei seinare tiåra. Og då har vi, som han påpeikar, gjort store framskritt i retning av å avgrense forureining og rydde opp i tidlegare tiders synder. Og det må vi halde fram med. Eg synes ikkje det er å «barbere av seg halve haka» som Sve meiner. Og det er ganske ufint å påstå at dei som «ropar opp» om miljøkrise har «kjeften full av gullskjeer» som han vel å formulere det.

Dei som verkeleg er fødde med ei gullskei i munnen er slike som meg og deg det, Frank Sve. Fødde i etterkrigs-Norge i ei lang oppgangstid med optimisme og stødig styring og bygging av landet. At ungdomen i dag er miljøbevisst må vi berre applaudere. Det er deira framtid det gjeld. Den eldre garde har aldri vore heilt komfortable med krava frå dei unge. For 2400 år sidan uttalte Sokrates at «ungdomen no for tida foretrekkjer luksus, har ingen respekt for eldre menneske, pratar når dei eigentleg burde arbeide, motseier foreldra sine og tyranniserer lærarane sine».  Av ein eller annan grunn gløymde han gullskeia.

Frank Sve sitt parti er det nest største i regjeringa og har såleis stor innflytelse på det som skjer i landet. Å skulde på Ola Elvestuen minner om liten lojalitet og respekt for samarbeidspartane i regjeringa. Men slik er det FrP held på nå, å tale med mange tunger, av frykt for å bli utradert av parti som reindyrkar Nei til bompengar og andre folkeaksjonar. Og Frank Sve er påpasseleg med å understreke at han uttalar seg på vegne av «vi i FrP».

Eg reknar med at FrP gjekk inn i regjeringa for å styrke sin eigen posisjon og få gjennomslag for sine saker. Det heiter seg at ein hund ikkje bit den handa som fôrar han, og det er eit ganske velkjent fenomen. Mitt spørsmål blir kor lenge Sve synes det er passande for partiet hans å sitje i regjering saman med «klimahysterikarar» som Ola Elvestuen?