Det starta fredag med middag og aktivitetar i teltet. Litt seinare på kvelden var det standup show med Roar Brekke, og dans med Odd Kåre Fløtre.

Laurdagen starta med strålande solskin, og sykkeltur. Ved å registrere seg og sykle ei mil, var ein med i trekninga av flotte premiar. I år vart det ny deltakarrekord med over femti påmelde syklistar. Kvamsøya er godt eigna for sykkeltur, med flott utsikt og ikkje dei alt for harde oppoverbakkane.

Etter sykkelturen kunne ein ta seg ein tur i teltet på kaia for å fylle på kalorilageret igjen. Her var det rjomegraut, grillmat, bacalao, kaker og endå meir. Når ein er så heldig som i år og får skikkeleg sommarvêr vert det kjempegod stemning. Borna kunne boltre seg i oppvarma badebasseng, hoppeslott og funballs. For dei vaksne var det salsutstilling av akrylmåleri, villsauskinn, og heimelaga produkt av villsau-ull.

Litt ut på ettermiddagen var det program frå scena. Her var det kvamsøykoret Øyklang og dei velkjende Storblåsarane som stod for underhaldninga. Eit fullsett telt vitnar om at det var svært mange som hadde teke turen denne ettermiddagen. Seinare på kvelden var det dans med bandet Sytalaust.

Om lag alle som kan krype og gå er med og arrangerer, men det er Kvamsøy Idrettslag som er formell arrangør. Primus motor Kenneth Beitveit seier dei er godt nøgde med arrangementet, og så lenge publikum møter opp vil dei halde på denne fine tradisjonen.