KV Barentshav har fått kraftig slagside i dokk

31 personar er evakuerte etter at kystvaktskipet KV Barentshav har fått kraftig slagside medan det stod i dokk i Sula. Ingen er meldt å ha kome til skade, opplyser politiet.

  Foto: Redningsselskapet

New Articles

Klokka 14.23 fekk politiet melding om at ein båt hadde fått kraftig slagside på mellom fem til ti grader i dokk hjå Vegsund Slip i Sula søndag. Det er snakk om kystvaktskipet «KV Barentshav». Naudetatane rykka ut og evakuering av mannskap var allereie sett i gang. Båten ligg stabilt per no, heiter det i twittermeldinga.

- Alle er evakuert frå fartøyet, og det er ingen fare for liv og helse, skriv redningsselskapet.

Redningsselskapet opplyser elles at redningsskøyta DNVII er på plass for å hjelpe. Ålesund brannvesen og Sula brannvesen er også på plass.

- Det vert no arbeida med å sikre båten. Situasjonen knytt til sjølve skipet vidare, blir handtert av Forsvaret, skriv politiet i ei pressemelding.

Skipet er eigd og vert drive av reiarlaget Remøy Management i Fosnavåg og har sidan 2009 vore innleigd av Kystvakta.