- Kan eg ringje deg opp att om fem minutt?

Slik svara Larsnes/Gursken-trenar Anders Helsem Hoff på telefonen då Vestlandsnytt ringde for å få ein kommentar rett etter bortekampen mot Ørsta fredag kveld. Han måtte nemleg inn i garderoben og brøle litt med laget først. Og det forstår vi godt – sigeren deira på Aurstad Arena Kunstgras var nemleg heilt overlegen: 7-0!

- Starten av kampen var kanskje litt halvsløv, og vi spela jamt med Ørsta dei første 5-6 minutta. Men så kom det første målet, fortel Helsem Hoff.

Deretter tok bortelaget meir og meir over. Det vart rett og slett for tøft for motspelarlaget som har tapt tre kampar på rad før dei møtte LGFK.

- Då dei hamna under 0-1, hadde dei framleis vilje til å prøve, men då vi tok 0-2 og 0-3-leiing, kapitulerte dei litt. Det var fullt fortent 3-0 til pause, seier Helsem Hoff.

Fem målskårarar

Trenaren vil ikkje trekkje fram nokon som utpeika seg spesielt i kampen, for i kveld imponerte alle, synest han.

- Før kampen sa eg til gutta at vi har ein av dei beste troppane i 4. divisjon, og i dag viste dei verkeleg at vi er det.

Det første målet vart sett av Gustav Brandal Dimmen i det 14. minuttet. Deretter følgde Martin Haanes med to mål, alt i løpet av første omgang.

I andre omgang scora Christoffer Brune Rekdal eitt mål, Jens Jørgen Winsnes to mål, og Isak Skare Haanes eitt mål.

- Vi var også nærmare fleire mål enn det Ørsta var å redusere, seier Helsem Hoff.

LGFK har no vunne tre kampar på rad utan å sleppe inn eit einaste mål. Derimot har dei scora 13.

- Innleiingsvis i sesongen sleit vi litt med personlege feil og gav vekk nokre lette mål. Det har vi klart å luke vekk, seier trenaren fornøgd.

Den neste vert tøff

Fredag neste veke møter Larsnes/Gursken Volda på heimebane. Då vert det godt å ha tre sigrar på rappen i bagasjen, for…

- Dei kjem til å krige som nokre bjørnar. Dei toppar tabellen, så det vert ein tøff kamp for oss, seier trenaren.

No gjeld det å få spelarane «ned på jorda» igjen.

- No er vi stinne av sjølvtillit, men det er viktig å ikkje slappe av. No vert den viktigaste jobben til meg og dei andre i teamet å få gutta til å forstå at dei er nøydde til å jobbe steinhardt for alle poeng i denne divisjonen, avsluttar Anders Helsem Hoff.

Lagoppstillinga:

1 Ståle Remøy Pettersen

5 Leiv Sindre Muren

22 Steffen Moltu

23 Bjørn Vikanes

3 Aleksander Kostopoulos Rekdal

4 Torgeir Skeide

8 Martin Haanes

10 Christoffer Brune Rekdal

11 Karl Gerhard Bringsvor

7 Gustav Brandal Dimmen

20 Bendik Dybdal Torset

Innbyttarar

2 Markus Fuglseth

14 Henrik Gjerde Sætre

15 Isak Skare Haanes (DEBUTANT)

17 Lukas Fjørtoft Sandanger

18 Sondre Voksøy Bringsvor

19 Tor-Jørgen Sætre Kleppe

24 Jens Jørgen Winsnes