Festivalen fokuserer på mosjon og folkehelse og har mykje kjekt på programmet for ein kvar smak. Festivalen startar fredag 24. mai og varer heile helga.

Moltustranda Mosjonsfestival er basert på ein ide om å skape ein felles dugnad i bygda dermosjon og folkehelse står i fokus. Moltustranda Idrettslag har hovudansvaret for festivalen, men fleire andre lag i bygda er også involvert på ulike måtar. Ideen oppstod i 2013, og same året vart den førte festivalen arrangert. Kvart år sidan, har det vore festival på Moltustranda den siste helga i mai.

Moltustranda skal vere ein god plass å bu for alle, og festivalen er med på å samle bygdefolket og bidra til eit levande bygdesamfunn. Det er ei sterk dugnadsånd i bygda, og folk i alle aldrar stiller opp og bidreg på sin måte med å få arrangementet i hamn.

Moltustranda er omringa av flott natur. Arrangørane vil bruke denne fine naturen til å få folk opp av sofaen og ta seg ein tur ut. Dei ønskjer også folk frå andre bygder og byar hjarteleg velkomne til bygda. Festivalen er meint å vere eit samlingspunkt både for barn, unge, vaksne og eldre. Absolutt alle kan delta og vere aktive i festivalen, anten ved å gå «Moltumila», delta i motbakkeløpet til Hidsegga, sykle «Tour de Moltu», eller rett og slett delta i folkelivet rundt aktivitetane. Alle er like velkomne!

Aktivitetar

Arrangørane ønsker å skape ein festival med eit tilbod for alle – både når det gjeld mosjon og underhaldning. Derfor har dei eit fullspekka program med noko for ein kvar smak, barna er særleg i fokus. Det vert opne buer med sal av mat og drikke heile helga.

Den offisielle opninga av festivalen er fredag 24. mai, då er vi så heldige å få besøk av Brannbamsen Bjørnis, som mange barn kjenner godt. Brannbilen vil sjølvsagt også vere til stades. Nytt av året er også bedriftsstafetten, som består av 4 etappar på 800 meter! Her utfordrar vi bedrifter og organisasjonar til å stille med lag og konkurrere om heider og ære.

Bedriftsstafetten blir etterfylgt av «Moltumila». Dette er ein turmarsj/løp som har både mosjonsklasse og konkurranseklarre, der deltakarane kan velje mellom løyper på 5 km eller 10 km. For barna vert det arrangert ei heilt eiga «Mini-mil» i regi av Barnas Turlag. Kvelden vert avslutta med familiequiz i festivalteltet.

Laurdag serverer korpset på Moltustranda frukost til alle som møter opp, etterfylgt av

speling frå korpset og dei nye aspirantane. Vidare er det klart for motbakkeløpet til Hidsegga. Her kan du stille i enten trim- eller konkurranseklasse. Løpet startar ved festivalområdet for dei som stiller til full distanse, men det er også mogelegheit til å ta transport til fjøsane og gå ei kortare løype. Målet er toppen av Hidsegga, 556 meter over havet. Første delen av løypa går på asfaltert veg, så grusveg og resten i merka løype i stigningane opp mot toppen av Hidsegga. For barna vert det arrangert eit mini-motbakkeløp nede i bygda.

Gjennom dagen er det også duka for fleire underhaldningsinnslag. Det vert innslag frå lokale aktørar i festivalteltet, og det er tilrettelagt for mange leikar og aktivitetar for barna, mellom anna hoppeslott, ansiktsmåling og bamsesjukehus. Det er også verdt å få med seg trylleshowet med miss Aurora, ein av Norges yngste, profesjonelle tryllekunstnere.

Trylleprinsessen som i fjor trylla på festivalen som ein del av Tito Magic, kjem i år med sitt eige show, og vi gler oss veldig! Dagen vert avslutta med dans i festivalteltet på kvelden.

Stine Nilsen og Livin West spelar flott dansemusikk, så det vert eit godt høve til å løyse opp stiv muskulatur etter motbakkeløpet.

Søndagen flyttar festivalområdet til Moltustranda Grendahus og Munkvoll Stadion. Denne dagen arrangerast sykkelrittet «Tour de Moltu», med mogelegheit til å stille i både trim- og mosjonsklasser, samt til familie-tour. For dei yngste blir det også arrangert trehjulssykkelløp.

Nytt av året er førstehjelpskurs for barna, arrangert av Røde Kors. Det vert også funballz på fotballbana, medan vi ventar på showkampen som blir spelt på ettermiddagen, der gamle heltar leitar fram fotballdraktene og kjempar og heider og ære. Festivalhelga vert avslutta søndag med ein god middag på Moltustranda grendahus.

Arrangørane og alle dei frivillige står klare og satsar på ei triveleg helg med kjekt sosialt samvær, mosjon og god underhaldning. Vi håper på godt vêr og at mange kjende og ukjende tek turen til Moltustranda mosjonsfestival! Alle saman er hjarteleg velkomne – kom du også!

Foto: Ida Moltu

Tekst: Styret Moltustranda Mosjonsfestival