Sjå og høyr opptak av ungdommane frå Herøy og Sande i UKM fylkesmønstringa! (med video)

UKM Media har gjort live-opptak frå dei fleste sceneinnslaga under fylkesmønstringa. Sjå video og høyr dei lokale representantane her.
New Articles

Herøy og Sande var godt representerte på UKM fylkesmønstringa i helga.

Frå Sande deltok heile ni ungdommar på årets fylkesmønstring: Jenny Gjærde Sætre (song), Dina Støylen Ristesund (song), Ida Skrede Halle (song), Hallvard Worren Hauge (kunst), Jasmin Evert (kunst), Amalie Voldnes (kunst), Viola Andersson (konferansier), Christina S. Beitveit (konferansier), Olav Beitveit (sceneteknikar) og Mikael Rovde (arrangør, lyd, lys).

Herøy var representert med tre sceneinnslag: Celina & Sigve (Celina Frøystad song medan Sigve Storøy Hermansen spela gitar), Duett med Celina Frøystad og Thomas Frekøy Skeide, og song og pianospel av Una Myren.

Det er enno ikkje avgjort kven som er vidare til den nasjonale UKM-festivalen.