- Dette er ein fantastisk fin tur. I dag var det ekstra bra, med tørre løyper og strålande solskin.

Det sa Kjetil Guddal (51) og Idar Kristiansen (52), som hadde teke turen frå Volda for å delta i den etter kvart tradisjonsrike Sjutoppsturen.

Idar deltok for andre gong, medan Kjetil til no har sanka åtte sjutoppsmedaljar.

Likar variasjonen

- Det spesielle med denne turen er at han går gjennom eit veldig variert terreng, med gode råser og godt merka løyper. Her er det ikkje ein lang marsj opp og like langt ned. Det går opp og ned, opp og ned, med ulik utsikt heile tida, skryt turkameratane.

Det kom så mykje folk denne langfredagen at det nærast var i overkant av kva det lokale apparatet kunne handtere. Ei utfordring på øya er persontransporten, og det var ein del som måtte vente ei stund, særskilt på å kome seg utover. Men etter kvart fekk båten, ferja og ein minibuss folket på plass.

Uoffisielle tal vi fekk opplyst frå primus motor Eirik Voksøy Bringsvor fredag ettermiddag var at rundt 820 store og små gjekk Sjutoppsturen, medan 64 personar gjekk landevegsmarsjen Sandsvågen Rundt.

Om turen

Sjutoppsturen er på tusen høgdemeter, og er femten kilometer lang, medan marsjen er på fem og ein halv kilometer.

Undervegs i løypa er det tre drikkestasjonar. Den mest spektakulære er ute i Hellandsvågane, på løypa sitt lågaste punkt – ut mot storhavet.

Der ute - i havgapet - møtte vi moltustrandingen Lars Petter Rønnestad og sonen Tobias.

- Eg har ikkje delteke før, men dette gav meirsmak. Vi har gått gjennom eit fantastisk landskap som minner meg om Færøyane, sa Lars Petter, som var eit einaste stort smil då han fortalde om opplevinga så langt.

I same området traska to unge og spreke jenter frå Ulstein. Susanne Våge og Maia Strømsnes har vore på øya mange gongar før.

- Pappa kjem herifrå, sa Maia.

- Både mamma og pappa er frå Sandsøya, fortalde Susanne, før begge la til:

- Og så er vi tremenningar!

Nytt opplegg

Ramma rundt løpet var litt annleis i år, med sekretariat i telt ikkje så langt frå kaia til Låna-eigedomen. I området var det også plassert ut benkar, og folk såg ut til å storkose seg i solskinet. På Fiskarheimen, like ved, var det servering av middag, kaffi og kaker.

Smadra kvinnerekorden

Opplegget er mest av alt retta mot «trim for alle». I tillegg finn vi også ein konkurransedel, som i år samla meir enn femti deltakarar.

Arrangøren nytta for første gong det elektroniske tidtakingssystemet EQ-timing. Her ligg resultata i konkurranseklassa (ekstern lenke, alle klasser).

Aller mest imponerte denne gongen Karoline Holsen Kyte (Førde IL) som smadra løyperekorden i kvinneklassa. Ho fossa i mål kort tid etter dei to beste mennene, på tida 1.31.51. Det er nesten eit kvarter betre enn den førre rekorden. Karoline vert rekna mellom landets beste motbakkeløparar.

Ingrid Festø (Volda) vart nummer to med tida 1.46.58. Nummer tre i kvinneklassa vart Esther Beate Innselset, Hamar IL (1.57.31).

I herreklassa vann denne gongen unge Jonas Hesthaug, som representerer Eidsdal IL. Stortalentet vart klokka i mål på tida 1.27.17, rundt fem minutt bak fjorårets løyperekord sett av heimelagets Eirik Voksøy Bringsvor.

Sistnemnde kom denne gongen på andreplass, med tida 1.30.02. Marcus Megrund frå IL Valder fekk tredjeplassen med tida 1.32.58.