Det var Dagbladet som omtala saka fyrst. Dei siterer politiet i Troms som torsdag melde at hendinga skjedde i internasjonalt farvatn i Smutthullet i Barentshavet.

– Liket blir frakta til fastlandet for identifisering, opplyser politiet i Troms til Dagbladet.

Vi har ingen indikasjonar på kven denne personen er, eller om det er ein mann eller kvinne, seier operasjonsleiar Karl-Erik Thomassen til VG.

Det er Fosnavaag Havfiske som eig fiskebåten.

– Eg kan stadfeste at det gjeld vår båt, seier reiar Olav Remøy i Fosnavaag Havfiske til nett.no.

Ubehageleg oppleving

NRK har vore i kontakt med skipper Kjetil Ervik om bord. Han sier det heile var ei ubehageleg oppleving.

– Eg har ikkje opplevd noko liknande tidlegere. Vi oppdaga liket i 9-tida i dag tidleg, forklara han.