Bedrifta har fått varsel om at dei mister store leveransar. Unil og Norgesgruppen vil ikkje lengre ha fiskemat frå bedrifta. Norgesgruppen har vore hovudkunde for Maritim Food i over 20 år, der bedrifta i Gjerdsvika har fungert som leigeprodusent. Dei tilsette vart orienter om dette på eit møte tysdag. Det skal ifølgje Nett.no, som omtala saka fyrst, vere snakk om 40 arbeidsplassar som er truga. Rundt 30 personar er tilsett på heiltid ved bedrifta.

– Vi gjer alt som står i vår makt for å finne ei løysing, men det er ikkje enkelt, fortel dagleg leiar Jan Brevik til NETT NO. Han seier at dette var ei tøff melding å få, og kallar det "eit tungt slag i ansiktet".

Han fortel også at dei vil samarbeide med tilsette og tillitsvalt for å behalde arbeidsplassane, men at det enno er litt tidleg i prosessen til å seie noko om vegen vidare.